Vikariat rådgivar kommunal planlegging 6 mnd.
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 03.12.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat rådgivar kommunal planlegging 6 mnd.
Ønskjer du å jobbe med planlegging, vere ein del av eit planfagleg miljø med fleire planleggarar og vere med å utvikle kommunane i Møre og Romsdal? Ved seksjon for plan har vi ledig eit 6 månaders vikariat i 100 % stilling som rådgivar i kommunal planlegging.
Arbeidsoppgåver
- Samordne innspela frå dei ulike ansvarsområda i fylkeskommunen i eit felles brev med ei tilråding. Gjennom ordninga med plansamordning arbeider rådgivaren tett med andre avdelingar i fylkeskommunen.
- Ha dialog med kommunane om konkrete saker, svare på spørsmål og delta på synfaringar hos kommunane i fylket ved behov
- Skrive saksframlegg til fylkesutval i saker der fylkeskommunen reiser motsegn
- Delta i utviklingsarbeid i fylket der plankompetanse er etterspurt
- Oppgåvene kan tilpassast etter kompetansen til den som får vikariatet
Høve til rask tilsetting vil bli vektlagt.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, t.d. arealplanleggar/samfunnsplanleggar, arkitekt, geograf eller landskapsarkitekt. Også annan utdanningsbakgrunn kan vere aktuelt dersom ein har erfaring frå arbeid med planlegging.
- God kjennskap til plan og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter og annet relevant lovverk
- Gode digitale ferdigheiter
- God forståing av skilje mellom politikk og administrasjon
Personlege eigenskapar
- Er positiv, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
- Kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg
- Er ansvarleg, strukturert og arbeider målretta
- Er samfunnsinteressert
Vi tilbyr
- Trivelege kollegaer og eit tverrfagleg og utviklande arbeidsmiljø
- Interessante og kompetansegivande oppgåver, som m.a. gir god innsikt i ulike samfunnsområde og det politiske systemet
- God tilgang til faglege nettverk, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt
- Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på vekst og fagleg utvikling av leiarar og medarbeidarar
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til: Stabsavdelinga for strategi og styring (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Arkitektur, areal og interiør
- Stillingsfunksjon: Arkitekt og planlegging, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Planlegging, Planveiledning, Samfunnsutvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379470008
- Sist endret