Teknikar
Bremnes Seashore
- Frist 27.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Automatikar/elektrikar
Gjennom fokus på fiskevelferd og kontinuerleg satsing på innovasjon og ny teknologi i alle ledd i produksjonsprosessen, har vi gått i bresjen for å heve kvaliteten på norsk oppdrettslaks. Resultatet er merkevarer som er etterspurde over heile verda. For å halde oss i tet treng me stadig påfyll av nytenkande og engasjerte medarbeidarar.
Vi har bygd ut foredlingsfabrikken vår, noko som gjer oss i stand til å produsera større volum ved å nytte moderne og berekraftige produksjonsmetodar, samstundes som me aukar verdiskapinga og ringverknadane frå drifta vår. Vi har derfor behov for å styrke teknisk avdeling, og søkjer nå etter ein omgjengeleg, teknisk interessert og dyktig fagperson. Som teknikar vil du vere ein viktig del av vedlikehaldsteamet vårt som sørger for drifta ved fabrikkanlegget i Øklandsvågen.
Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.
Arbeidsoppgåver
- dagleg vedlikehald, reparasjonar og førebyggande vedlikehald på teknisk utstyr
- sikre høg oppetid på prosessavdelinga, samt minimere driftsstans
- oppfølging av avdelinga sitt vedlikehaldssystem
Stillinga inngår i skiftordning ved teknisk avdeling
Kvalifikasjonar
- teknisk fagbrev (automatikar, elektrikar, mekanikar, automasjonsmekanikar e.l.)
- relevant arbeidserfaring
- fokus på HMS og kvalitetsarbeid
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- arbeidsam, strukturert og sjølvgåande
- gode evner til å prioritera i både travle og rolege periodar
- nysgjerrig på korleis maskinar og prosessar fungerer
- skapar godt samarbeidsklima og bryr deg om arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- ei spennande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
- konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- firmahytter i Røldal, Voss og Spania
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju forløpande.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Øklandsvegen 90, 5430 Bremnes
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument, Elektriker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Automatiker
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379475657
- Sist endret