Rådgjevar
Statsministerens kontor
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med leiarstøtte på Statsministerens kontor?
Stillinga er ein del av leiarstøttegruppa ved Statsministerens kontor. Gruppa bidrar i førebuing og gjennomføring av statsministeren og regjeringa sine møte, inkludert Kongen i statsråd og regjeringskonferansar. Dei tilsette i gruppa bidrar i planlegging og koordinering av reiser og anna program for statsministeren. Leiarstøttegruppa gir administrativ støtte til oppgåver og daglege gjeremål i leiinga og på kontoret, inkludert kalender- og møtekoordinering, reiseplanlegging og fakturahandsaming. Gruppa bidrar i utviklinga av rutinar for gode arbeids- og tilretteleggingsprosessar ved kontoret, både for fysiske møte, reiser og samhandling på digitale flater. Andre arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.
Stillinga inneber mykje munnleg og skriftleg kontakt med departementa, Stortinget og andre eksterne.
Leiarstøttegruppa har ei felles vaktordning for kontor- og leiarstøtte for politisk leiing og administrasjonen ved kontoret. Leiarstøttegruppa tar også hand om beredskapsoppgåver knytt til denne funksjonen. Det må påreknast noko reiseverksemd.
Stillinga har stillingskode 1436 rådgjevar.
Lønn blir fastsett individuelt og vil liggje i spennet 640 000 til 700 000 kroner. Godtgjering for vaktordning kjem i tillegg. For særs kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vere aktuelt. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Me har:
- eit godt arbeidsmiljø med dyktige og hyggelege kollegaer
- fleksibel arbeidstid og sommartid
- pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida med tilgang til gode treningsfasilitetar
- arbeidsstad sentralt i Oslo sentrum, ved Akershus festning
Nærare opplysningar kan du få ved å ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Holt, tlf. 22 24 40 41.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Kvalifikasjonar:
Du må ha:
- minimum bachelor og relevant utdanning for oppgåvene i stillinga. Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- god IKT-forståing og -kompetanse, spesielt når det gjeld leiarstøttesystem og relevante IKT-reiskapar
- god samfunnskunnskap, forståing for politiske prosessar og kjennskap til offentleg forvaltning.
- relevant erfaring frå liknande oppgåver
Det er ein fordel om du har kjennskap til departementa.
Personlege eigenskapar:
Me søkjer ein person som har:
- evne til å vere nøyaktig, ryddig og jobbe planmessig og sjølvstendig
- svært god serviceevne og evne til å ta initiativ
- god samarbeidsevne og fleksibilitet
- god rolleforståing og god vurderingsevne
- god arbeidskapasitet og evne til å trivast i eit høgt tempo
- god formuleringsevne både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Den som blir tilsett må kunne sikkerheitsklarerast for STRENGT HEMMELEG.
Generell informasjon
Statlege arbeidsplassar skal spegle mangfaldet i befolkninga og dra nytte av kompetansen til den einskilde. Me oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av til dømes alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Me vil gjerne ha ein søknad frå deg som har stått utanfor arbeid eller utdanning i ein periode og fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Me oppfordrar alle som søkjer til å laste opp vitnemål frå Vitnemålsportalen (https://www.vitnemalsportalen.no/) og leggje ved søknaden, saman med kopi av relevante attestar.
Om arbeidsgiveren
Statsministerens kontor er felleskontor for regjeringa, og har arbeidsgivarfunksjon for politikarane i regjeringsapparatet. Statsministerens kontor hjelper statsministeren med å leie og samordne arbeidet i regjeringa, blant anna ved å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane og statsrådet sine møter hos Kongen. Kontoret samordnar kontakten mellom regjeringa og Stortinget, inkludert regjeringsmedlemmane si deltaking i Stortingets spørjetimar og i enkelte debattar. I tillegg hjelper kontoret statsministeren i det internasjonale arbeidet. Kontoret har i dag ein politisk stab på elleve personar og eit embetsverk på om lag 55 personar. Embetsverket er fordelt på Administrativ og konstitusjonell avdeling, Innanriksavdelinga, Internasjonal avdeling og Kommunikasjonsseksjonen.
Administrativ og konstitusjonell avdeling ved Statsministerens kontor har ansvaret for mellom anna personal- og lønnssaker, budsjett og rekneskap, informasjonsforvalting, IKT, drift, leiarstøttetenester og juridiske spørsmål knytt til konstitusjonelle saker og det administrative arbeidet ved kontoret. Sikrings- og beredskapssaker høyrer også til arbeidsoppgåvene i avdelinga. Avdelinga er delt inn i fire seksjonar og ein stab og har 37 medarbeidarar. Den utlyste stillinga er plassert i seksjon for informasjonsforvaltning og leiarstøtte.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Glacisgata 1, 0150 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Sekretær
Nøkkelord
Lederstøtte, Møtekoordinering, SMK, Faktura, Planlegging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379576695
- Sist endret