Konsulent
Helse Førde
- Frist 27.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Konsulent
Seksjon Arkiv og dokumenthandtering har ledig fast stilling som konsulent .
Helse Førde søkjer ny og dyktig medarbeider til oppgåver innan digital dokumentasjonsflyt, forvaltning og arkiv.
Fag og utviklingsavdelinga har etablert ein ny seksjon; Arkiv og dokumenthandtering som mellom anna har det overordna ansvaret for saksbehandlarsystemet Elements og digitalt arkiv. I tillegg skal seksjonen forvalte inn- og utgaåande post, dokumenthandtering og digitalisering av det, samt ansvar for forvaltning av dei fysiske arkiva i føretaket. Stillinga som konsulent har per idag i hovudsak arbeidsoppgåver innan Elements og digital dokumenthandtering.
Oppstart i stilling etter avtale.
Velkomen til Helse Førde!
Arbeidsoppgåver
- Daglege oppgåver med dokumenthandsaming, postmottak og digital arkivering
- Opplæring og rådgjeving til saksbehandlarar i bruk av saksbehandlarsystemet Elements
- Vidareutvikle rutinar for dokumenthandtering, dokumentflyt og dokumentasjon i Elements
- Bruke aktuelt regel- og lovverk
- Noko arkivpleie
- Andre oppgåver i seksjonen etter behov
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning /erfaring innan arkiv- og dokumentasjonsforvaltning, digitalisering eller tilsvarande utdanning
- Solid IKT-kompetanse/innsikt i Windows og MS Office
- Erfaring med og god forståing av digitalt saksbehandlarsystem
- Gjerne erfaring med rettleiing og undervisning
- Relevant erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensere for manglande utdanning
- Må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Serviceinnstilt og ansvarsmedviten
- Strukturert og sjølvstendig
- Må trivast med å arbeide i team
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Konsulent
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
digitalisering, arkiv, dokumenthandtering, saksbehandling, Førde
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380159110
- Sist endret