Rådgiver, førstekonsulent
Bufetat
- Frist 27.11.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Rådgjevar/førstekonsulent
Ved eining for Inntak i Bufetat, region Vest, avdeling Vestland, er det ledig 1 vikariat som rådgjevar og 1 vikariat som førstekonsulent frå snarast, med varigheit til 31.12.25. Vikariata kan verta forlenga.
Hjå oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.
Eining for inntak Bufetat, region vest, skal formidle statlege barneverntenester til kommunane i regionen. Eininga sine rådgjevarar får bistand frå nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og nasjonal inntak for rus og åtferdsplasseringer (NABE).
Pr. i dag er vi 21 ansatte i avdelinga.
Stillingane inneheld noko reiseverksemd innan eigen region og andre regionar. Sertifikat for bil er derfor nødvendig.
Eining for inntak Bufetat, region vest, avdeling Vestland held til i Solheimsgaten 11, 5058 Bergen i kontorfellesskap med andre einingar i Bufetat.
Arbeidsoppgåver
Kva vil arbeidsdagen din bestå av:
- Ved forespurnad frå kommuner, skal du gje råd, rettleiing og bistand i enkeltsaker, og i akuttsaker.
- Du skal ta i mot og saksbehandle tilvisingar om institusjonstiltak og spesialiserte fosterheim frå kommunen.
- Du skal gjere forsvarlege vurderingar av eigna tiltak i samarbeid med kommunen sin tilvisning.
- Du skal dokumentere alle delar av arbeidet.
- Du skal sikre oppfølging av plasseringar i private tiltak.
- Du skal delta i samarbeidsmøter med andre einingar, kommunar og andre instanser.
Kvalifikasjonar
Kva slags bakgrunn har du?
- Krav til treårig utdanning fra universitet/høyskole frå bachelornivå innan barnevernsfag/sosialfag.
- Krav om erfaring frå barnevernsarbeid og/eller kommunal barnevernteneste.
- Krav om kompetanse og erfaring om lov, avtaleverk og forvaltning innan fagfeltet.
- Ønskeleg med vidareutdanning innan barnevern/psykisk helse/rus/anna vidareutdanning lik 60 studiepoeng.
- Du har svært god skriftleg og muntleg fremstillingsevne på norsk og gode IKT-kunnskapar.
- I vikariat til førstekonsulent er det særleg behov for kompetanse på og erfaring med eininga sitt akuttarbeid.
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter?
- Du er sjølvstendig og trygg i di arbeidsutføring.
- Du evnar å leie arbeidsprosessar og har høg grad av sjølvstende.
- Du har høg grad av arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
- Du er initiativrik og løysingsorientert.
- Du er ein lagspelar og har evne til å samarbeide.
- Du er god til å bidra i kontinuerlege endrings- og betringsprosessar.
- Du har godt humør og bidrar positivt i arbeidsmiljøet.
Det er svært viktig korleis du som person eignar deg til jobben. Det vil bli lagt stor vekt på i den totale vurderinga.
Det må kome tydeleg fram i søknaden hvilke stilling du søkjer.
Vi tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1434 som rådgjevar, p.t. kr 565 900 - 667 700 pr. år (ltr. 58-68), eller stillingskode 1408 som førstekonsulent, pt. kr 472 900 - 565 900 pr. år (ltr. 46 - 58).
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, mogligheit for tilbod om bustadslån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan me tilby:
- Positivt arbeidsmiljø.
- Dynamisk miljø med proaktive kollegaer.
- Eit engasjerande og spennande fagmiljø med fokus på fagutvikling.
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familier eit enda bedre tilbod, og det meinar vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Informasjon til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidera med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiver. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrerbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utenom å velje ut riktige kandidater bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er p.t. lagt til Eining for inntak Bufetat, region vest, avdeling Vestland.
- Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetting, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følge.
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal lastas opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380330284
- Sist endret