HR & Administrasjonsleiar
Ænes Inkubator AS
- Frist 30.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Spennande og variert rolle i ein av landets største og mest moderne setjefiskanlegg
Ænes Inkubator AS er dedikert til å leia an i berekraftig oppdrett og utvikla innovative løysingar som bidreg til å styrkja akvakulturindustrien. Målet er å vera ein leiande aktør innan teknologi, forsking og praksis som fremjar sunn vekst i oppdrettsnæringa. Me søkjer no etter ein HR & Administrasjonsleiar med erfaring med HR, økonomi og administrasjon. Hos oss vil du jobba med eit høgt kvalifisert team på Ænes, og samarbeidde tett med dagleg leiar for å vidareutvikla verksemda.
Som vår nye HR & Administrasjonsleiar vil du få ei sentral rolle med ansvar for ei rekkje HR, økonomi og administrative oppgåver. Dette inkluderer mellom anna:
- Oppfølging av timeføring og overtidsregistrering.
- Bruk, vedlikehald og oppdatering av HR-system, inkludert styrings- og kompetansesystem.
- Vedlikehald av personaldata og bistand til rekruttering, bemanning, sjukefråværsoppfølging og personalsaker.
- Administrasjon av arbeidskontraktar, oppdatering av personalhandbok og handtering av inn- og utmeldingar i pensjons- og forsikringsordningar.
- Intern rapportering, og dessutan rapportering til offentlege styresmakter.
- Organisering og handtering av rotasjon og skiftordningar.
- Bistand til andre HR- og økonomioppgåver etter behov.
Ønskte kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå, men erfaring frå HR og/eller økonomiarbeid kan kompensera for manglande formell utdanning.
- Grunnleggjande ferdigheiter i Excel og andre relevante IT-verktøy.
- Ein spennande rolle i eit innovativt og berekraftig produksjonsmiljø.
- Moglegheita til å vera med og forma framtida for akvakulturindustrien gjennom innovasjon og teknologisk utvikling.
- For riktig kandidat kan det bli mogleg å rykka opp til økonomisjef på sikt.
- Konkurransedyktige vilkår og gode.
- Arbeidsstad vil vera Ænes i Kvinnherad. Noko reising må påreknast.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Ænesvegen 200, 5475 Ænes
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Økonomi og regnskap
Nøkkelord
HR, Administrasjon, Økonomi, Oppdrett, Fiskeproduksjon
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380336363
- Sist endret