Marknads- og kommunikasjonsansvarlig
Oseana Kunst og Kultursenter
- Frist 30.12.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søkjer etter Marknads- og kommunikasjonsansvarlig
Da vår nåværande Marknads - og kommunikasjonsansvarlig skal ut i permisjon leitar vi etter ein engasjert og initiativrik person med kremmarinstinktet i orden!
Den vi ser etter har dessutan:
- Relevant utdanning og/eller erfaring innanfor marknadsføring og sal.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Evne til å setje prioritetar, jobbe systematisk og sjølvstendig.
- God marknads- og kundeinnsikt.
- God kjennskap til ulike kommunikasjonsplattformar, og interesse for KI.
- Evne til å kommunisere forskjellig til ulike kundegrupper.
- Interesse for å knyte kontaktar og utvikle nye og eksisterande nettverk.
- Forståing for økonomi.
- God formuleringsevne, særleg på nynorsk.
Hovudoppgåva er å få fleire gjestar til Oseana ved:
- Marknadsføring av Oseana sine arrangement i nært samarbeid med programavdelinga.
- Utforme marknadsplanar i samarbeid med leiing og byrå.
- Marknadsføringsoppgåver, som t.d. bilde- og teksthandsaming, oppdatering av nettsider, løpande oppdatering av sosiale medium, og design av annonser o.l.
Stillinga kan òg innebere avvikling av kulturarrangement. Noko kvelds- og helgearbeid må ein difor rekne med. Kjennskap til kulturfeltet er ein fordel.
Vi tilbyr:
- Eit godt og kreativt kollegialt miljø.
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for sjølvstendig arbeid.
- Opplæring i databaseløysing/billettsystem ved behov.
- God pensjonsordning.
- Arbeidstid med fleksibilitet.
- Tiltreding etter avtale.
- Løn etter avtale.
Søknadsfrist 30.12.24
Vikariat - 01.05.2025 - tom 31.03.2026
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Mobergsbakken 20, 5200 Os
- Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Markedsfører, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kulturhus, kultur, museum, museumspedagog, utstilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380345050
- Sist endret