Driftsingeniør/teknikar - Brann/signalanlegg
Helse Førde
- Frist 27.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Driftsingeniør/teknikar - Brann- og signalanlegg
Forstår du viktigheita av god sjukehusdrift? Har du fagbrev og teknisk fagskule, og ønskjer å bidra til et positivt arbeidsmiljø?
Då vil vi gjerne ha søknad din på vår ledig stilling som drifts- og serviceteknikar!
Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus søkjer Driftsingeniør/teknikar med ansvar for brann- og signalanlegg.
Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus har i dag 17 engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse.
Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt cirka 100 000 m2. Driftsavdelinga gir også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, enten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningar.
I komande år vil utvikling av drifta fortsetje med fokus på teknisk vedlikehald og utvikling av porteføljen vår. I desse dagar har vi overtatt eit nytt somatisk bygg med moderne og avansert teknologi. Dette stiller høge krav til vår avdeling med omsyn til organisering, planlegging og høg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Drifte brann, slukkeanlegg, nød- og ledelys, adgangskontroll og overvakingsanlegg i samarbeid med brannteknisk ansvarlig og elektroansvarlig.
- Stedfortreder til brannteknisk ansvarleg
- Oppfølging av rammeavtaler innanfor nemde fagfelt
- Sakshandsaming relatert til fagområdet.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev/ ingeniør innen elektro/automasjon
- God systemforståelse
- Det er nødvendig at kandidaten har meget god IT-kompetanse
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Relevant praksis vil kunne kompensere for manglande utdanning
- Førerkort klasse B
- God kjennskap til drifts- og vedlikehaldssystem.
Personlege eigenskapar
- Sikkerheitsfilosofi er eit nøkkelord for stillinga.
- Samarbeidsorientert og omgjengeleg
- God arbeidskapasitet - kunne ta eit tak ved høve
- Strukturert og målretta
- Vere sjølvstendig, men samstundes kunne arbeide i team og i prosjektgrupper
- Kunne tileigne seg ny kunnskap innan drift og vedlikehald
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Felksibel arbeidstidsordning
- Hjelp med bustad/husvære
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Elektroingeniør, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Brannteknisk, Elektro, Tekniske anlegg, Brannteknisk, Førde
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380346090
- Sist endret