Rådgjevar/seniorrådgjevar
Kultur- og likestillingsdepartementet
- Frist 28.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med sentrale kulturpolitiske spørsmål og likar tal og statlege byggeprosjekt?
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ledig ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i Kulturvernavdelinga.
Vi søkjer deg som likar å jobbe med tal og økonomiske analyser og har interesse for statlege byggjeprosjekt i kultursektoren. Me ynskjer oss ein medarbeidar som kan jobbe sjølvstendig og langsiktig, sjå samanhengar og analysera problemstillingar i eit overordna, kulturpolitisk perspektiv.
Stillinga er plassert i KV2. Seksjonen har ansvar for fagområda arkiv, bibliotek, byggjesaker, kulturbygg, museum, visuell kunst og FoU. Seksjonen har òg etatsstyring av Arkivverket, Nasjonalbiblioteket og KORO - Kunst i offentlige rom.
Avdelinga er oppdragsgjevar for statlege byggeprosjekt i kultursektoren. Du skal være med på dette arbeidet, som inneber utgreiing og planlegging, førebuing av fagleg og politisk sakshandsaming og deltaking i styring av oppdrag til Statsbygg. Prosjekta kan innebere samarbeid med både statlege etatar, store nasjonale kulturinstitusjonar og samiske kulturbygg. Som grunnlag for politikkutvikling og forvaltning, skal du bidra med økonomiske analyser på fagområda i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar/seniorrådgjevar hjå oss vil du mellom anna
- arbeide med byggjesaker, fortrinnsvis statlege byggjeprosjekt på kulturfeltet
- koordinere og delta i møter med eksterne samarbeidspartnarar
- lage økonomiske analysar på saksfelta i avdelinga
- bidra i arbeidet med budsjett og etatsstyring i avdelinga
- førebu bakgrunnsnotat, talepunkt og anna skriftleg materiale for politisk leiing
Godt samarbeid er viktig for eit velfungerande departement. Den som blir tilsett må vere budd på å stille kompetansen sin til rådvelde for andre seksjonar og avdelingar, dersom dette trengst.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant mastergrad, gjerne innan samfunnsøkonomi eller samfunnsvitskap
- god forståing for tal
- god forståing av embetsrolla og forholdet mellom politikk og forvaltning
- god evne til å uttrykkje deg skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Det er ein fordel om du har:
- kjennskap til, og interesse for, saksfelta i avdelinga
- erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne departement
Personlege eigenskapar:
- analytisk, jobbar strukturert og sjølvstendig
- initiativrik, tar ansvar og følger det opp
- er ein lagspelar, trivst med å dele og lære saman med andre
- trivst med å jobbe innanfor korte fristar og med høgt arbeidstempo
- har auge for langsiktig utvikling og forbetring, og evne til å tenkje nytt
- er fleksibel og har godt humør
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Vi tilbyr
- innplassering som rådgjevar med brutto årsløn frå 548 600 (ltr56) til 679 000 (ltr. 69) kroner eller som seniorrådgjevar med brutto årsløn frå 657 300 (ltr. 67) til 821 100 (ltr. 78) kroner (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast).
- trivelege lokale midt i Oslo sentrum med godt kantinetilbod
- fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid
- høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
- introduksjonsprogram for nytilsette og gode høve til kompetanseutvikling gjennom KUD-skolen og Departementsakademiet
- eit kunnskapsrikt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av våre politikkområde.
Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkarliste og kontakt
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Gunhild Strand Molle på telefon 90 67 38 62.
Om avdelinga
Kulturvernavdelinga er sett saman av to seksjonar og har ansvar for politikkområda arkiv, bibliotek, museum, visuell kunst, litteratur, språk, kulturbygg, immateriell kulturarv, inn- og utførsel av kulturgjenstandar, samiske saker og krigsgravtenesta. Ansvaret femner mellom anna om forvaltinga av Nasjonalbiblioteket, Arkivverket, KORO (Kunst i offentlege rom), Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje, Språkrådet og Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek.
Om arbeidsgiveren
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.
Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Grubbegata 1, 0179 Oslo
- Bransje: Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering, Saksbehandler, Samfunnsøkonomi
Nøkkelord
økonomiske analyser, kulturbygg, kulturvern, byggeprosjekt, departement
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380430532
- Sist endret