Fagleiar HMS og bærekraft
Hydro
- Frist 04.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Spanande stilling innan HMS ved Hydro Husnes
Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall. I tillegg til produksjon av primæraluminium har verket eit støyperi for produksjon av pressbolt, og totalt kring 350 ansatte.
HMS-avdelinga har ansvar for sikkerheit, ytre miljø, miljølaboratoriet, arbeidsmiljø, industrivern/security, BHT og portvakt ved Hydro Husnes. Avdelinga består i dag av 12 kompetente tilsette. No søkjer vi etter ein ny fagleiar HMS som hovudsakleg skal jobbe med sikkerheit, men også støtte andre områder innan HMS.
Me tilbyr
Me tilbyr utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i ei rolle som gir svært gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Hos oss vil du oppleve eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre. For at vi skal nå våre mål er vi avhengig av medarbeidarar som arbeider godt saman, deler erfaringar og spelar kvarandre gode. Samtidig må du som fagleiar ha evne til å jobba systematisk for å skapa kontinuerleg og formålsrettleg forbetring
Arbeidsoppgåver
Som fagleiar på HMS vil ein arbeide med blant anna:
* Bidra til å koordinere og vidareutvikle HMS-arbeidet i bedrifta
* Analysere, rapportere og følge opp HMS-indikatorar
* Bistå avdelingane i ulike prosesser innan HMS-arbeidet
* Vedlikehalde og sikre oppdatering av HMS-prosessane som system, sikre at de er i tråd med lovverk og samtidig bidra til at avtalte prosesser blir følgt
* Sikre at gjeldene regelverk er kjent og vert etterlevd
* Bidra, og væra pådrivar og gå føre med å oppretthalda den høge HMS-standarden vi og våre eigarar krev
* Driva intern opplæring/kursing av tilsette innafor HMS ved behov
Ønska kompetanse
* Operativ HMS erfaring
* Erfaring frå kontinuerleg forbetringsarbeid
* Kompetanse innafor områda risikoanalyse og risikoreduserande tiltak
* HMS eller teknisk utdanning på bachelor/ masternivå, eller relevant fagskuleutdanning
* Erfaring frå HMS-arbeid kan kompensere for manglande utdanning
* Erfaring med prosedyreverk og lovverk innan HMS
* Beherska både norsk og engelsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
* Leiingserfaring er ynskjeleg, men ikkje eit krav
* Gode kommunikasjons- og formidlingsevner vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Me er på utkikk etter ein person som lika å arbeide sjølvstendig og i team, med god gjennomføringsevne. Du er proaktiv, strukturert, løysningsorientert og initiativrik, med god arbeidskapasitet og vilje til å ta ansvar. Du evner å skape gode relasjonar til alle du samhandlar med, og er komfortabel med ein variert kvardag med mange pågåande oppgåver.
Stillinga rapporterer til einingsleiar HMS.
Søknadsfrist: 04.12.2024
Viss du har spørsmål kan du kontakte:
Leiar:
Anne Helen Ripel
Mobil: (Norway +47) 91889628
Rekrutterer
Berit Aakre
(Norway +47) 92227339
Om arbeidsgiveren
En jobb der du betyr noe.
For å lykkes med denne oppgaven er det viktig å legge til rette for et kollegialt miljø der forskjellene våre blir verdsatt som vårt største konkurransefortrinn. Et mangfoldig perspektiv gjør oss sterkere. Vårt globale program for mangfold, inkludering og tilhørighet lar oss utvikle en arbeidsplass med høy ytelse og inkluderende egenskaper der alle føler seg verdsatt.
Karriereutviklingen din er unik. Vi streber etter å gi deg den støtten du trenger for å oppnå ditt fulle potensial. Den globale utstrekningen vår, den inkluderende kulturen og den banebrytende teknologien vi bruker gir deg muligheten til å bygge en karriere i tråd med dine styrker og lidenskaper.
Bli en del av vårt globale konsern med over 30 000 personer, tilstedeværelse i 40 land og med fokus på omsorg, mot og samarbeid. I Hydro har du muligheten til å gjøre en forskjell i bransjer som betyr noe.
- Sektor: Privat
- Sted: 5460 Husnes
- Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: HMS, Ingeniør, Sikkerhet
Nøkkelord
HMS, Bærekraft, Industri, Sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380433813
- Sist endret