Undervisningsstillingar ved Nore Neset barneskule
Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule
- Frist 27.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Vi har ledig 100% fast undervisningsstilling fra 01.01.2025 og
100% vikariat som faglærar frå 01.01.2025 til 31.07.2025
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.
Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnfjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for faglig og sosial utvikling. Vi har og som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik.
Skuleåret 2024-25 vil skulen ha om lag 311 elevar. Saman om læring summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane våre skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring.
Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no
Arbeidsoppgåver
Undervisning på 1.-7.trinn
Kontaktlæraroppgåver
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) https://hkdir.noutdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Vi ønsker oss medarbeidarar som:
- god fagleg kompetanse og vilje til å prøve ut nye arbeidsmetodar
- er ein tydeleg, trygg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- bidreg til inkludering og godt læringsmiljø
- er fleksibel oghar evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
Skulen har blant anna behov for kompetanse innan individuelt tilrettelagt opplæring. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse;Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Skeismyra 2, 5217 Hagavik
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
Nøkkelord
lærar, undervisning, pedagog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380477237
- Sist endret