Rådgjevar daglegbank - Voss Sparebank
Voss Sparebank
- Frist 1.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar daglegbank
Likar du digitale løysingar og brenn for gode kundeopplevingar?
Er du ein som likar å hjelpa kundar med tekniske utfordringar?
Voss Sparebank har ledig stilling som rådgjevar daglegbank!
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Rådgjeving knytt til digitale banktenester
- Kundehandsaming i banken sine kundekanalar
Kvalifikasjonar:
- Du har eit brennande engasjement for gode kundeopplevingar
- Me søkjer deg som har teknisk innsikt og likar å arbeida med digitale løysingar.
- Relevant utdanning eller arbeidserfaring
- Strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
Personlege eigenskapar me legg vekt på:
- Du smiler når du kjem på jobb om morgonen, har godt humør og er ein god kollega.
- Du er oppteken av nøyaktig og godt arbeid, utan at det går ut over effektiviteten.
- Du er prestasjonsorientert og ynskjer å skapa resultat for banken.
- Arbeidar godt i lag med andre, og er ein ressurs til godt arbeidsmiljø og fagleg kompetansebygging
Me tilbyr
- Ein solid og trygg arbeidsplass i ljose og moderne lokale på Vangen.
- Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar.
- Bedriftsidrettslag og treningsrom.
Voss Sparebank og samfunnsengasjement
Me er opptekne av at Voss skal vera ein bra plass å bu. Banken bidreg til dette med gåver og sponsing i lokalsamfunnet. Vårt mål er at Voss Sparebank skal vera det naturlege fyrstevalet for banktenester på Voss. Som tilsett i banken forventar me at også du deler vårt engasjement for banken, bygda, nynorsk og berekraftig utvikling.
Spørsmål
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med:
Leiar daglegbank Martin Hindenes: 479 30 312
Banksjef Jørund Rong: 479 30 335
Frist
Søknadsfrist er 01.12.2024
Kortfatta søknad med CV kan sendast til Voss Sparebank på e-post mhi@vossabanken.no
Om arbeidsgiveren
Voss Sparebank er ein sjølvstendig og lokal sparebank i Voss Herad, midt i smørauga av eit rikt kultur- og idrottsliv med lange tradisjonar. Me støttar opp om lagslivet i bygda.
Me er ein bank som brenn for Vossabygda og nynorsk skriftspråk.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Vangsgata 18, 5700 Voss
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning
Nøkkelord
rådgjevar, daglegbank, digitale løysingar, kundeopplevingar, nynorsk
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380481397
- Sist endret