Lege i spesialisering, indremedisin
Helse Bergen
- Frist 08.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Lege i spesialisering, indremedisin
Medisinsk klinikk, Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig seks stillingar for lege i spesialisering i indremedisin, med moglegheit for spesialisering innan våre øvrige hovudspesialitetar; blodsjukdommar, endokrinologi, fordøyelsessjukdommar, infeksjonssjukdommar og nyresjukdommar.
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i alle spesialitetane. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Klinikken har eigne seksjonar for blodsjukdommar, fordøyelsessjukdommar, hormonsjukdommar, infeksjonssjukdommar, nyresjukdommar, klinisk ernæringsfysiologi, sosionomtenester, kontortenester og forsking. Klinikken har ansvar for diagnostikk og behandling av pasientar med eit breitt spekter av indremedisinske tilstandar og har fem sengepostar med 71 senger, mellom dei 12 overvakingssenger til våre ulike pasientkategoriar. Klinikken har vel 650 tilsette, har 5500 døgnopphald, mest øyeblikkeleg hjelp, og driv i tillegg ei stor poliklinisk verksemd med meir enn 80.000 konsultasjonar kvart år. Klinikken har eiga dialyseavdeling med 15.000 dialysar årleg og stor gastroenterologisk endoskopisk og ultrasonografisk verksemd.
Saman med Klinisk Institutt 1 og 2, Universitetet i Bergen, har klinikken ei stor forskingsverksemd.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Delta i klinikken sine ulike aktivitetar
- Delta i medisinsk forvaktsordning
- Delta i undervisning i Medisinsk klinikk
- Klinisk undervisning for studentar inngår i oppgåvene
- Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid i klinikken
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3-stilling i indremedisin
- Søkar må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Forskingsinteresse eller -erfaring er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter lege med interesse for indremedisin
- Må ha gode evner til å arbeide med pasientar
- Må vere godt motivert, fleksibel og ha gode samarbeidsevner på tvers av medarbeidargrupper
Vi tilbyr
- Stimulerande arbeidsmiljø i ein aktiv klinikk med høg fagkompetanse
- Sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking
- Gode høve for deltaking i forsking
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter gjeldane overeinskomstar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Indremedisin, LIS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
LIS lege, Lege i spesialisering, indremedisin, LIS 2/3, Medisinsk klinikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380559864
- Sist endret