Diabetessjukepleiar/ sjukepleiar med erfaring
Helse Bergen
- Frist 28.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Diabetessjukepleiar/ sjukepleiar med erfaring
Vi har ledig 100% fast stilling som diabetessjukepleiar/sjukepleiar med erfaring ved Hormon- og stoffskiftepoliklinikk for barn, med arbeid på sengepost kvar tredje helg. Vi ser etter deg med formell vidareudanning innan diabetes eller erfaring innan fagområdet. Stillinga er ledig omgående.
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år. Vi er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gjer nye og spennande moglegheiter for framtida.
BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.
Ved Hormon- og stoffskiftepoliklinikk for barn, jobber du i team med sjukepleiarar og barnelegar for barn med diabetes og andre hormonsjukdommar. Du vil inngå i ei engasjert kollegagruppe med fokus på fag, trivsel og samarbeid.
Poliklinikken er tilhøyrande Medisin A med sengepost som dekker følgande fagseksjonar: endokrinologi nefrologi/revmatologi, nevrologi, gastroenterologi og ernæring.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og sjølvstendige konsultasjonar av barn og ungdom med diabetes
- Undervisning/ opplæring for foreldre og barn med nyoppdaga diabetes
- Undervisning/ opplæring ved oppstart av blodsukkersensor og/eller insulinpumpe og ved bytte av utstyr
- Planlegging og gjennomføring av barne- og ungdomsgrupper
- Undervisning/ opplæring av barnehage og skole
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan diabetessjukepleie
- Erfaring med fagfeltet kan erstatte formell vidareutdanning i diabetes
- Erfaring med, og interesse for, undervisning samt opplæring av pasientar og pårørande er ønskeleg
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
- Som søkar må du vere fagleg engasjert, sjølvstendig og ha evne til samarbeid
- Du må like å arbeide i høgt tempo og vere innstilt på endring
- Ha respekt for det enkelte medmenneske
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Opplæringsprogram med fadder
- Fagleg og personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Diabetessykepleier, sykepleier, diabetes, barne- og ungdomsklinikken, Sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380562353
- Sist endret