Vinstra vidaregåande skule - Undervisningsstilling faglærar i arbeidsmaskiner
Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule
- Frist 03.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Vinstra vidaregåande skule - Undervisningsstilling faglærar i arbeidsmaskiner
Beskrivelse
Vinstra vidaregåande skule har ledig 100% fast undervisningsstilling på VG2 arbeidsmaskiner frå 01.02.2025.
Vi søkjer deg som
- har kunnskap og interesse for traktor, arbeidsmaskiner og anleggsmaskiner
- har innsikt i ny teknologi i faget
- er oppteken av kvalitet i arbeidet
- er sjølvstendig og strukturert, men trivst også med å arbeide i team
- skapar gode relasjonar med elevar og kollegaer
- liker å arbeide i eit miljø med ungdom
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- interessante arbeidsoppgåver i samarbeid med kollegaer
- eit godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
- inntil 100% stilling
- ledig frå 01.02.2025
- faglærar i programfag i Vg2 arbeidsmaskiner. Eventuelt undervisning på vg1 teknologi og industrifag
- undervise elevar med behov for ekstra tilrettelegging
Arbeidsoppgåver
- undervisning i programfag, teori og praktisk arbeid innafor fagområdet arbeidsmaskiner.
- ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga i tråd med skolens kvalitetssystem, læreplanar og aktivitets planer
- arbeid i team og tverrfagleg samarbeid om undervisning og veiledning
- samarbeide med næringslivet i aktuelle bransjar
- ivareta og utvikle verkstad, verktøy og anna utstyr som blir brukt i undervisninga
Kvalifikasjonskrav
- det er krav om fagbrev innafor eitt av fagområda: landbruksmekanikar, anleggsmaskinmekanikar, truck/lift mekanikar
- fagbrev som mekanikar for tunge kjøretøy kan og væra aktuelt
Ønskte kvalifikasjoner
- det er ønskjeleg med Teknisk fagskule eller Ingeniørhøgskule eventuelt godkjend yrkesfaglærarutdanning
Ønskte eigenskapar
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- serviceinnstilt og imøtekommande
- fleksibel og løysningsorientert
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Om arbeidsgiveren
Vinstra videregående skule har seks utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har litt over 370 elevar og om lag 80 lærarar.
Skulen skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli gode samfunnsborgarar og for å gjere dei klare for framtida.
Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar - gode forbilde formar framtida!
Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.
Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gamle Skåbuv. 10, 2640 Vinstra
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
Mekaniker
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380563575
- Sist endret