IKT-koordinator Sunnmøre
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 08.12.2024
- Ansettelsesform Fast
IKT-koordinator Sunnmøre
Team Brukaroppleving er ein del av IT-seksjonen i Møre og Romsdal Fylkeskommune. Hovudområda er brukarstøtte og fagleg ansvar for alle IKT-lærlingane i fylkeskommunen. IT-seksjonen har f.t. 46 tilsette og 16 lærlingar.
IKT-koordinator Sunnmøre vil ligge under Team Brukaroppleving med teamleiar som næraste overordna og skal ha fagleg oppfølging og rettleiing av dei tilsette i regionen. IKT-koordinator vil ha eit overordna ansvar, inkludert personaloppfølging, for lærlingane i eigen region og skal følge opp, gje støtte og bistand til skoler og tannklinikkar i regionen. IKT-koordinator skal samarbeide tett med koordinatoren for Nordmøre og Romsdal.
IKT-koordinator skal engasjere og motivere medarbeidarar til å yte det beste for brukarane våre og bidra til å fremme og vidareutvikle samarbeid innan i IT-seksjonen
Vi søkjer etter ein IKT-koordinator for Sunnmøre. IKT-koordinator skal følgje opp desse skulane: Borgund, Fagskolen i Ålesund, Haram, Herøy, Spjelkavik, Stranda, Sykkylven, Ulstein, Volda, Ørsta og Ålesund vidaregåande.
Arbeidsstad: Ålesundsområdet på ein av fylkeskommunens lokasjonar og/eller Fylkeshuset i Molde etter nærmare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Overordna fagleg ansvar for lærlingane, inkludert personal- og opplæringsansvar
- Ansvar for internt kontrollsystem for opplæring av lærlingar
- Overordna ansvar og oppfølging av lokale instruktørar i regionen
- I samråd med teamleiar; følge opp, hjelpe til med, støtte og rettleie IT- ressursane ved skolane
- Ressursplanlegging i regionen
- Hjelpe skoler og tannklinikkar i regionen med deira behov og utfordringar og gjennomføre statusmøter ved behov
- Følgje opp SLA for IT-seksjonen ovanfor skoler og tannklinikkar i regionen
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Gjerne erfaring frå prosjektarbeid
- Erfaring med servicearbeid innan IT
- Erfaring med fagleg rettleiing av andre
- God forståing av IT infrastruktur
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
- Sertifikat på bil
Personlege eigenskapar
- Evne til å forstå samanhengar og avhengigheiter mellom system, tenester og brukarar
- Erfaring frå personalleiing/oppfølging, gjerne med ungdom
- Framtidsretta, løysingsorientert og engasjert
- Har stor arbeidskapasitet, gjennomføringsevne og trivst med hektiske arbeidsdagar og en del reising
- Er ein relasjonsbygger og evnar å motivere andre
- Er systematisk
- Har gjerne erfaring frå å jobbe etter ITIL-metodikk
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og spennande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterkt fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale (HTA kap 3)
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til: Stab for organisasjon og tenesteutvikling (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: IT, IT - programvare
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-support, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381069864
- Sist endret