Pedagogisk leiar
Klepp kommune
- Frist 03.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Pedagogisk leiar
I januar 2024 opna Sporafjell barnehage; ein ny og framtidsretta barnehage med plass til 160 barn fordelt på åtte avdelingar. Både bygg og organisering sikrar at me tek vare på kvalitetane i det nære samstundes som organisasjonen er robust nok til å handtere dei utfordringane kvardagen byr på. I tillegg til avdelingane rommar bygget to fellesrom som inviterer til fysisk aktivitet, eit bibliotek og eit vassrom som alle gruppene disponerer til faste tider kvar veke.
Me veit at kvalitet i barnehagetilbodet handlar om dei tilsette, og har eit høgt fokus på å skape eit sterkt fagleg miljø og profesjonell entusiasme. Barnehagen har pr. i dag 16 pedagogar med ulik erfaringsbakgrunn, og ei stor gruppe fagarbeidarar. I tillegg til grunnbemanninga har me tilsett kokk som tek seg av all matlaging slik at det pedagogiske personalet kan bruke tida si saman med barna.
Handlingsregelen vår er «Saman skapar me positiv energi», og det skal prege kvardagen vår. Er du ein framtidsretta og fagleg engasjert barnehagelærar som ynskjer å væra med på å forme ein barnehage for framtida er dette sjansen du har venta på: Me har ledig fast stilling som pedagogisk leiar.
Arbeidsoppgåver
Å leie og organisere det pedagogiske arbeidet i barnegruppa og opp mot enkeltbarn
Væra ein del av barnehagen sitt leiarteam, og i kraft av dette legge til rette for eit trygt og inkluderande barnehagetilbod for alle
Bidra til ei heilskapleg utvikling av det faglege miljøet
Yte omsorg og legge til rette for læring for enkeltbarn og barnegruppa
Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna
Foreldresamarbeid
Ta initiativ til fagleg utvikling og nyskaping
Bidra i barnehagen si heilskaplege drift
Samarbeide med eksterne instansar for å sikre alle barn eit barnehagetilbod av høg kvalitet
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarandePedagogar med relevante vidareutdanningar og master vert oppfordra til å søke
Søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge må ha fått utdanninga si godkjent av Utdanningsdirektoratet (NOKUT). Dokumentasjon på dette må leggast ved søknaden for at den skal bli vurdert.
Søkarar med eit anna morsmål enn norsk må dokumentere norskferdigheiter jamf. §28 i barnehagelova. Kravet gjeld ikkje for personar med samisk, svensk eller dansk som førstespråk.
Godkjent politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Har eit brennande engasjement for barns beste og som kvar dag vil arbeide for detteHar eit blikk for kvart enkelt barn og ser leiken som den viktigaste arenaen for trivsel, glede og læring
Trivest best med ein leikande og aktiv kvardag, og som kan nytte uterommet like godt som romma inne
Har vilje til å sjå og mot til å handle når barn ikkje har det bra
Er raus, motiverande og byr på deg sjølve
Ser løysingar, er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
Har gode samarbeidsferdigheiter og er respektfull i møte med andre
Vi tilbyr
Ein unik moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas barnehage i KleppEit sterkt fagleg fellesskap og eit arbeidsmiljø det er godt å vera i
Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP. Gode lønnsbetingelser for dei med relevant vidareutdanning
Ulike velferdsordningar
Gode forsikringsordningar
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Boreringen 151, 4351 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Pedagogisk leder, Barnehage, Pedagog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381212193
- Sist endret