Rettleiar i Familieteamet, vikariat
Bjørnafjorden kommune Familiens hus
- Frist 08.12.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?
Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår kollega i Familieteamet.
I Oppvekstfeltet skal vi jobbe saman for å ta heile samfunnet sine ressursar i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege, med barn, unge og føresette i sentrum. Dette betyr blant anna å samarbeide betre mellom fagområda og på tvers av aldersgrupper. Det er etablerte strukturar for samarbeid internt i Familiens hus og med ulike eksterne samarbeidspartnarar.
Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. Her inngår Barneverntenesta, Førebyggande helse og eining for Barn, unge og familiar. Familieteamet er ein egen avdeling under Barn, unge og familiar. Tidleg innsats og tverrfaglig samarbeid med eit heilskapeleg blikk for barnet sine behov er ei viktig satsing i vår kommune, og Familieteamet med sitt tenestetilbod er ein viktid del av laget kring barnet.
Familieteamet tilbyr rettleiing og oppfølging til barn, unge og familiar både på lavterskelnivå og etter vedtak frå barneverntenesta. Vi søker deg som har erfaring frå endringsarbeid i familiar, psykisk helse og som ser moglegheiter og tenker nytt til det beste for innbyggarane våre.
Familieteamet har ledig:
100 % årsvikariat som Rettleiar oppstart etter avtale og 1 år fram
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid med barn, unge og deira familiar. Herunder kartlegging og oppfølging av lette til moderate psykiske helseplager
- Rettleiing og endringsarbeid i familiar, individuelt og i grupper
- Observasjon
- Rettleiing knytt til emosjonell og praktisk omsorg i familien sitt heimemiljø
- Familiesamtalar
- Samarbeid med interne og eksterne aktørar
- Ulike tilsynsoppdrag knytt til familiar og barn/ungdom
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis helse eller sosialfaglig utdanning
- Vidareutdanning i psykisk helse, endringsarbeid, samspel eller anna relevant vidareutdanning
- Ønskeleg med sertifisering i rettleiingsmetodikk (PMTO, Tuning into kids/teens, EFST eller anna)
- Erfaring frå psykisk helsearbeid og/eller rettlleiing av barn og familiar
- Førarkort klasse B
I tillegg ønsker vi at du har:
- Evne til å arbeide målretta, både sjølvstendig og i team
- Evne til å sjå og vise omsorg for barn og unge som enkeltmenneske med integritet og verdi
- Forståing og kunnskap om barn/ungdom og psykisk helse.
- Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, og bruk av IT som arbeidsverktøy
- Er samarbeidsorientert og jobbar godt i tverrfaglege team
- Ønser å bidra til å vidareutvikle kommunen sitt arbeid med psykisk helse, helseframming og førebygging på oppvekstfeltet
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi ønsker å vere tilgjengelege når brukarane våre er det. Difor må du rekne med arbeid på ettermiddagstid inntil ein til to kveldar i veka.
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Ei spanande stilling i ei teneste i utvikling
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter gjeldande avtalar
- Oppstart etter avtale
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Avdelingsleiar for Familieteamet; Lillian Slettevold, telefon 415 04 303 eller leiar for Familiens hus Linda Hevrøy på telefon 971 56 989
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følge vil søkaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
familierettleiar, barn, ungdom, familie
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381225451
- Sist endret