Industrimekanikar / automatikar
NORTURA SA
- Frist 31.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Er det deg me leitar etter?
Industrimekanikar / automatikar
På Nortura sitt anlegg i Førde er vi inne i eit generasjonsskifte og vi ynskjer å sikre vidare god drift med ny medarbeidar på laget. På teknisk avdeling har vi eit samansett team med mykje kunnskap og erfaring. Vi ynskjer at våre teknikarar har brei interesse innan mekanisk fag då ein møter mange ulike oppgåver i kvardagen. Vi jobbar kontinuerleg med å auke kompetansen og legger til rette for å kunne delta på kurs eller skulegang som er relevant for avdelinga sitt totale kompetansebehov. Fabrikken har rullerande teknisk vakt.
Stillinga som Industrimekanikar/Automasjonsmekanikar tilhøyra teknisk avdeling for drift og vedlikehald på fabrikken. Ein teknikar hos Nortura har som hovudoppgåve å utføre vedlikehald, reperasjonar og modifikasjonar på produksjonsutstyr og infrastruktur. Fabrikken er under modernisering og automatiseringsgraden i både produksjon og vedlikehaldsavdelinga er aukande med både anskaffing av nytt utstyr og utvikling av eksisterande. Likar du å jobbe med spennande, utfordrande og varierte oppgåver er dette jobben for deg.
Kan du identifisere deg med Nortura sine verdiar driftig, skikkelig og åpen og har du genuin motivasjon for å skape resultater? Da er du den vi søker etter.
Arbeidsoppgåver:
• Vedlikehald, feilsøking og modifikasjonar i slakteområde og fjøs
• Dagleg kontakt med produksjonsavdelingane, leverandørar og andre funksjonar i Nortura
• Bidra i forbetringsarbeid
• Oppnå god drift av linjer i slakteområdet
• Registrering og rapportering av arbeid og materiell i SAP
Kvalifikasjonar:
• Fagbrev som industrimekanikar eller automasjons mekanikar
• Relevant erfaring frå industri kan kompensere for manglande fagbrev
• Gode norsk-kunnskapar
• Gode samarbeidsevner
Vi kan tilby:
• Spennande, utviklande og attraktive arbeidsoppgåver i en innovativ organisasjon
• Eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer
• Grundig opplæring av dyktige kollegaer
• Konkurransedyktig lønn og gode vilkår, samt gode pensjon- og forsikringsordningar
• Kantine og treningsrom
• Medlemsbutikk med rabatterte priser
Den som blir tilsett må gjennomgå konsernets HMS- og hygieneopplæringskurs.
For ytterliggere informasjon ta kontakt med Arild Tjensvold på 913 13 224 eller e-post arild.tjensvold@jobzone.no
Om arbeidsgiveren
Nå kombinerer vi Jobzones omfattende kompetanse, domenekunnskap og systemer med bransjespesialister for å etablere den tryggeste og mest effektive leverandøren til energi-, olje/gass- og verftsindustrien. Med vår ekspertise tilbyr vi skreddersydde bemanningsløsninger som passer til dine unike behov og krav.
- Sektor: Samvirke
- Sted: Holtemyrane 6, 6814 Førde
- Bransje: Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Teknisk service
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381229244
- Sist endret