Pedagogisk leiar
Time kommune
- Frist 09.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Pedagogisk leiar
Trollongane barnhage er en 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Vi ligg sentrumsnært på Bryne og er den mest søkte barnehagen i Time kommune dette året. Vi er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Vi er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis. Vi søker pedagogisk leiar som kan vere med å utvikle barnehagen vidare.
Stillinga er ledig frå 1.1. 2025 eller etter avtale
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar har ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av pedagogisk arbeid.Samarbeid med føresette og personalleiing er òg ansvarsområde som følger stillinga.
Kvalifikasjonar
Godkjent utdanning som barnehagelærarGode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28
Me legg vekt på at du er eigna til stillinga
Du må levera eigenerklæring for tuberkulose før du startar i stillinga
Me krev politiattest for tilsetting i barnehage
Personlege eigenskapar
Me søker etter fagleg trygge og tydelege leiarar som kan vera aktive deltakarar i utviklingsarbeid saman med andre leiarar og tilsette.Me er ute etter barnehagelærarar som har gode samarbeidsevner, god relasjonskompetanse og er gode på gruppeleiing.
Me ønsker leiarar som har fokus på inkludering og autoritativ vaksenrolle.
Vi tilbyr
Du får arbeida saman med dyktige, engasjerte kollegaerFagleg utvikling
Rettleiing som nyutdanna
Tilbod om etter- og vidareutdanning
Kommunale tilsetjingsvilkår og pensjonsordning
Lønn etter tariff/avtale
Lønn for relevant master
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Kjeldevegen 1, 4344 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
pedagog, barnehage, pedagogisk leiar, pedagogisk leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381231846
- Sist endret