Drifts- og serviceteknikar - Elektrikar
Helse Førde
- Frist 04.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Drifts- og serviceteknikar - Elektrikar
Forstår du viktigheita av god sjukehusdrift? Har du fagbrev og teknisk fagskule, og ønskjer å bidra til et positivt arbeidsmiljø?
Då vil vi gjerne ha din søknad på vår ledige stilling som drifts- og serviceteknikar!
Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus søkjer Drifts- og serviceteknikar som skal tilsettast i stilling som elektrikar.
Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus har i dag 17 engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse.
Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt cirka 100 000 m2. Driftsavdelinga gir også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, enten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningar.I komande år vil utvikling av drifta fortsetje med fokus på teknisk vedlikehald og utvikling av porteføljen vår. I desse dagar har vi overtatt eit nytt somatisk bygg med moderne og avansert teknologi. Dette stiller høge krav til vår avdeling med omsyn til organisering, planlegging og høg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Utføre drift og vedlikehaldsoppgåver på tekniske anlegg
- Gjennomføre periodisk vedlikehald og ettersyn og følgje opp internkontroll
- Periodisk verifikasjon innan medsinske områder iht. NEK 400.7.710.6
- Følgje opp dokumentasjon
- Delta i prøvedrift av nye bygg/anlegg
- Følgje opp drifts- og vedlikehaldsoppdrag utført av eksterne leverandørar
- Komme med innspel til drifts- og vedlikehaldsplanar i samråd med vår elektroansvarleg
- Ansvar for at våre belysningsanlegg med tilhøyrande styring er funksjonelt og operativt
- Spesielt ansvar for vårt elektriske anlegg på helikopterdekk som dekkjer luftfartstilsynet sitt regelverk BSL.E4.3
- Delta i vaktordning må påreknast
Kvalifikasjonar
- Fagbrev elektrikar gr.L, gjerne med teknisk fagskule i tillegg
- Teknisk tverrfagleg forståing med erfaring frå moderne drift og forvaltning av eigedom og tekniske system
- God kjennskap til drifts- og vedlikehaldssystem og erfaring med drift av ulike tekniske anlegg
- God kjennskap til NEK400 og benytte dette som oppslagsverk i det daglege arbeidet, spesielt til NEK400.7.710 Medisinske områder
- Generelt gode datakunnskapar
- Førerkort klasse B
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Samarbeidsorientert og omgjengeleg
- God arbeidskapasitet - kunne ta et tak ved høve
- Strukturert og målretta
- Vere sjølstendig, men samstundes kunne arbeide i team og i prosjektgrupper
- Kunne tileigne seg ny kunnskap innan drift og vedlikehald
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Felksibel arbeidstidordning
- Hjelp med bustad/husvære
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Elektronikk
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Elektroingeniør, Elektronikkmontør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Elektrikar, Drifts- og serviceteknikar, Teknisk anlegg, Teknisk fagskule, Førde
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381240588
- Sist endret