Miljøterapeuter og fengselsbetjenter i turnus
Agder fengsel
- Frist 15.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i landets mest spennande fagmiljø for ungdom i fengsel (turnuspersonell)
Om stillinga
Agder fengsel, Evje avdeling skal bli Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige. Frå og med 2025 skal avdelinga kunne ta imot inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga er ei avdeling med høg sikring, der det er mogleg å differensiere tilbudet til ungdommane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet vi skal gi, skal være i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar.
Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn - høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn - høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje avdeling (11 plassar for mindreårige 15-18 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Ca 70 av desse på Evje.
Vi etablerer eit særs spennande fagmiljø, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og god rehabilitering.
Dette gjer at vi er på jakt etter motiverte tilsette med ulik fagleg bakgrunn: Fengselsbetjentar, vernepleiarar, barnevernspedagogar, sosionomar, pedagogar. Annan bachelorkompetanse kan være relevant ut frå ei konkret vurdering av utdanning og praksis. Også søkjarar med vidaregåande utdanning og relevant erfaring kan søke.
Felles for alle, er at ein inngår i turnusarbeid (dagtid, kveld, natt) med tett oppfølging av ungdom 15-18 år som sonar ubetinga fengselstraffer, har forvaringsdommar eller er i varetekt. Kriminalomsorgen har heimel til å utøve ulike makttiltak, og alle turnustilsette må gjennomgå sikkerhetsopplæring og opplæring i fysisk maktanvendelse. Både fengselsutdanna og anna turnuspersonell inngår i vaktlag.
Vi skal truleg oppbemanne med 40 - 50 turnus-årsverk gjennom 2025, alle stillingane er faste og i 100% stilling. Vi tar forbehold om godkjenning av framlegg til Statsbudsjett.
Fengselsutdanna personell blir tilsett i kode 0264 fengselsbetjent. Personell med anna bachelorkompetanse blir tilsett i kode 1201 miljøterapeut.
I det praktiske er stillingsinstruks, myndighetsområde og arbeidsoppgåver nokså likt for desse kodane. Arbeidsinnhaldet er å vere ein god og trygg samtalepartnar, ein trygg grensesettar, ein god medspelar knytt til miljøterapeutisk arbeid og progresjonsarbeid og ein tydeleg omsorgsperson. Ein må ha evner til å planlegge og gjennomføre endringsarbeidet saman med ungdommen, ein må være ein god rollemodell og ein god støttespelar. Ein arbeider tett i team rundt den enkelte innsatte, og må kunne være ein lagspelar og ein tydeleg støttespelar også for kollegaene sine. Også der det er naudsynt med bruk av maktmiddel, og ellers i krevjande situasjonar.
For personell utan bachelorkompetanse, kan stillingskode 0808 miljøterapeut benyttast.
I det praktiske vil 0808 miljøterapeut inngå i team som øvrig personell, med same krav som stillast til ulikt miljøretta arbeid, progresjonsarbeid og sikkerhetsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- planlegging, leiing og evaluering av endringsarbeid
- miljøterapeutisk arbeid med tanke på god og trygg straffegjennomføring
- kontaktbetjentarbeid - og førebuing av den innsatte på lauslating eller overføring til vaksenfengsel
- tett fagleg samarbeid med kollegaer i og utanfor kriminalomsorga i planlegginga av soning og progresjon
- konfliktdempande kommunikasjon, grensesetting, skape trygge og gode rammer for den innsette
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Stillingskode 0264
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning ved KRUS (Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter)
- erfaring frå Kriminalomsorgen
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god språkleg forståing
- førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har
- erfaring frå vegleiing av klientar / brukarar og kollegaer
- erfaring frå kontaktbetjentarbeid
Stillingskode 1201
Du må ha
- sosialfaglig høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning fra høgskule eller
universitet på bachelornivå - erfaring frå miljøterapeutisk arbeid - gjerne frå barnevernsintitusjon eller liknande (til dømes kommunale bu-tilbud, heildøgns sjukehusavdeling mv)
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god språkleg forståing
- førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har
- erfaring frå vegleiing av klientar / brukarar og kollegaer
Stillingskode 0808
Du må ha
- bestått 3-årig videregående skole og relevant
yrkeserfaring - relevant yrkeserfaring vil seie frå miljøterapeutisk arbeid i bustad, barnevernsinstitusjon, kommunalt bufellesskap eller liknande
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god språkleg forståing
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
- har evne til tryggleikstenking, grensesetjing, og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
- er mål- og resultatorientert
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- er robust og trygg, evner å møte krevjande innsette med ro, ei fagleg tilnærming med fokus på konfliktdemping
- har evne til å motta opplæring og å dele kompetanse
- er fysisk i god form, og i stand til å bidra i vaktlag etter behov
- personlege eigenskapar i tråd med etatens verdiar
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- god opplæring og vegleiing knytt til arbeidsoppgåver og samfunnsoppdrag
- god opplæring i sikkerhetsarbeid, kontaktbetjentarbeid, miljøterapeutisk fokus og fysisk maktanvendelse
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- tilgang på treningsrom, pendlarbustad (mogleg overnatting mellom vakter), gratis parkering,
- stillinga blir avlønna som fengselsbetjent 0264 fra kr 466 600 - 557 100 (lønnssteg 45 - 57), miljøterapeut 1201 fra kr 466 600 - 557 100 (lønnssteg 45 - 57) eller miljøterapeut 0808 fra kr 443 000 - 509 300 pr. år (lønnssteg 41-51), avhengig av kvalifikasjoner. For særskilt kvalifiserte søkjararar kan høgare avlønning bli vurdert. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til stadleg leiar Ragnhild Nomeland tlf. 99496504.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv.
Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Agder fengsel fremmer et inkluderende arbeidsmiljø og partssamarbeid er en viktig faktor i dette.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 12
- Sted: Sanitetsstien 7, 4735 Evje
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Sikkerhet, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381249844
- Sist endret