Rådgjevar
Region Nordhordland IKS
- Frist 8.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Brenn du for å skapa gode og framtidsretta oppvekstvilkår for barn og unge? Då er kanskje dette stillinga for deg!
Arbeidsoppgåver
- Støtta samarbeidet mellom leiarar med overordna ansvar for oppvekstsektoren i kommunane i Region Nordhordland m.a. gjennom rådgjeving og koordinatorfunksjon
- Initiera og støtta opp om strategiske prosesser innan oppvekstsektoren, og bidra aktivt i innovasjons- og utviklingsarbeid i sektoren som t.d. innføring av framtidsretta teknologi
- Koordinera og analysera kompetanse- og utviklingsbehovet i regionen, og gjennomføra utviklingsprosessar og kompetansetiltak, prosjekt, planar og felles løysingar på tvers av kommunane i regionsamarbeidet
- Samarbeida tett med samhandlingskoordinator helse og rådgjevar for fag og tenesteutvikling i regionen, med mål om å utvikla eit framtidsretta og berekraftig samarbeid på tvers av sektorane oppvekst og helse
- Delta i samarbeid, samhandling og innovasjon mellom samarbeidspartane og andre kompetansemiljø, og i utviklingsprosjekt saman med forskings- og utdanningsinstansar
- Sakshandsaming og førebu innstillingar på vegne av regionen for ulike tilskotsordningar retta mot oppvekstsektoren
- Fasilitera leiarutvikling, ulike møte, samlingar og prosesser
- Bidra med å fremja søknader om eksternfinansiering av prosjekt på tvers av samarbeidspartane
Kvalifikasjonar
- Det er eit ønskje med utdanning på masternivå, men bachelor er eit minimumskrav
- Erfaring, kunnskap og god systemforståing om oppvekstsektoren i kommunar spesielt, og offentleg forvaltning generelt, vil bli vektlagt
- Erfaring med prosessleiing, utviklings- og endringsarbeid
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne, og kunne skriva formelle saker og referat
- Handterer godt digitale plattformer.
Personlege eigenskapar
- Du er utviklingsorientert og engasjert, har høg arbeidskapasitet, god gjennomføringsevne og utøver stor grad av fleksibilitet
- Du er strukturert, initiativrik og har evne til å jobba sjølvstendig og driva prosjekt / prosesser framover
- Du har eit heilskapsperspektiv på kommunane sitt samfunnsoppdrag retta mot barn og unge.
- Du er opptatt av kvalitet i prosess og resultat, og har evne til konsentrasjon, fokus og det å prioritera i ein hektisk kvardag
- Du har god formidlingsevne, gode kommunikasjonseigenskapar og er flink til skapa gode relasjonar og samhandling med dei du jobbar med
- Du trivest i eit utviklingsorientert miljø som kontinuerleg er under endring, og har evne til å jobba sjølvstendig, målretta og strukturert
- Du er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
- Fast stilling
- Spennande utviklingsoppgåver i samarbeidet med åtte kommunar
- Moglegheit til å arbeida fleksibelt og fagretta med mange målgrupper innanfor oppvekstsektoren
- Spennande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling
- Fag- og kompetanseutvikling
- Løn etter avtale
- Selskapet har fleksibel arbeidstid og gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i KLP
Organisering / arbeidsstad:
Tilsetjing vil vera snarast mogeleg. Du vert tilsett i Region Nordhordland IKS, i eit kjekt og operativt arbeidsmiljø. Kontorstad er Knarvik. Kandidatar må ha sertifikat og disponera bil.
Om arbeidsgiveren
Me ser etter ein person med solid bakgrunn og arbeidserfaring innanfor oppvekstområdet, kombinert med kompetanse i leiing og utviklingsarbeid, og med motivasjon for å bidra i eit sterkt leiarfellesskap i samarbeid med kommunane i regionen.
Du vil verta tilsett i Region Nordhordland IKS (RNI) og vil vera sentral i utvikling av framtidsretta oppvekst- og kompetansetenester for kommunane i regionen. RNI er eigd av kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal, og er kommunane sitt samarbeidsorgan og verktøy for felles innsats på viktige fagområde i regionen. Du vil du jobba i tett dialog med kommunalsjefane for oppvekstsektoren i alle eigarkommunane.
Mål for det regionale utviklingsarbeidet knytt til oppvekstreforma, er at kommunane i Region Nordhordland samla skal stå styrkja i arbeidet med tidleg innsats og førebygging for utsette barn og unge.
Her vil du jobba tett med dei helsefaglege ressursane som er tilsett i RNI – og i arbeidet med fag- og tenesteutvikling i regionen der ein skal leggja til rette for utvikling av brukarvenlege, berekraftige og framtidsretta løysingar der kommunale, interkommunale og spesialiserte tenester er samlokalisert og samarbeider på tvers. Ein god del av dette arbeidet er knytt opp mot tenestene ein finn i Region Nordhordland Helsehus. https://rnhelsehus.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgjeving, koordinering, oppvekstsektoren, kompetanseutvikling, kommunal sektor
Region Nordhordland Helsehus (1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381284136
- Sist endret