Ukrainsk tolk
Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar
- Frist 08.12.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du bidra til at flyktningar blir integrert i vår kommune?
I oppvekstfeltet skal vi jobbe saman og ta heile samfunnet sine ressursar i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege med barn, unge og føresette i sentrum. For å få dette til er alle tenester til barn, unge og familiar organisert i Familiens hus.
Einingane som inngår i Familiens hus er Førebyggande helse, Eining for barn, unge og familiar og Barneverntenesta. Flyktningtenesta er ein del av Eining for barn, unge og familiar, og er organsiert som ein eigen avdeling. Saman med resten av kommunen skal vi ivareta oppfølginga av flyktningar.
Vi har ledig 100% vikariat som Ukrainsk tolk
Arbeidsoppgåver
- Tolkeoppdrag for flyktningtenesta
Kvalifikasjonar
- Kvalifisert tolk
- Oppført i Nasjonalt Tolkeregister i ukrainsk språk
- Bestått Tospråktest i ukrainsk
- Gjennomført TAO-kurs
- Erfaring fra tolking i offentlig sektor er ein fordel
Vi legg vekt på personlege eignaheit, og at du:
- er fleksibel og sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Meiningsfylte utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Fagleg og personleg utvikling.
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter gjeldande avtalar
- Oppstart etter avtale
Ein må pårekna arbeid inntil ein ettermiddag i veka
Kontaktperson
Marita Hjelle, Avdelingsleiar Flyktningtenesta. Mobil 984 35 940
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Tolk/oversetter
Nøkkelord
tolk, ukraina, flyktning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381286152
- Sist endret