Systemutviklar
Omega 365 Solutions
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Systemutviklar med prosjekterfaring?
Meir enn ein IT-leverandør
Omega 365 Solutions AS er i sterk vekst, og ei stadig aukande interesse for løysingane me lagar gjer at me treng fleire dyktige ansatte med på laget.
Me tilbyr ein spanande arbeidsplass med varierte dagar, gode moglegheiter for eigenutvikling, og gode kollegaer med masse kompetanse og erfaring. Nå ynskjer me å forsterka fagmiljøet vårt med nye systemutviklerar som kan bidra med engasjement, kunnskap, erfaring, meiningar og idéar.
Me ser for oss at riktig kandidat har ei stødig hånd i databaseutvikling (SQL), JS/HTML og gjerne nokre års erfaring frå relevant prosjektarbeid.
Gjennom åra har me opparbeida oss ein leiande posisjon innan programvare og systematikk for prosjektgjennomføring, forvaltning, drift, og vedlikehald. Kundane våre er dei største og beste innan sine bransjar; blant anna innan energisektoren, bygg- og anlegg, infrastruktur og landbasert industri.
Me trur på ein smidig design- og utviklingsprosess og testar ut løysingane våre fortløpande saman med reelle kundar. Me ynskjer å gjere kundane våre betre ved å levera det me meiner er beste praksis gjennom gode systemløysingar og gode arbeidsprosessar.
Hos oss jobbar me med
- Databasedesign- og utvikling på Microsoft SQL Server og i Azure NoSQL
- Front-end utvikling med HTML5, CSS, JavaScript og Vue.js
- Microsoft .Net og Microsoft Azure-plattforma
Me er på jakt etter deg som
- Kjenner seg att i kjerneverdiane våre: open, engasjert, raus, audmjuk og løysingsorientert
- Har gjerne noen års erfaring i kryssinga mellom systemutvikling og kunderelasjon
- Har auge for design og gode brukargrensesnitt
- Har noko prosjekterfaring og er glad i folk
- Fordel om ein har ei stødig hand med SQL, JS og HTML
- Beherskar norsk og engelsk munnleg og skriftleg
- Tar ut av oppvaskmaskina når ho er ferdig
- Toler å tapa i sjakk og andre spel
Kva kan du forvente av oss:
- At ting er på stell og at ordningar og vilkår er konkurransedyktige
- Eit godt velferdsprogram med aktivitetar, fritidsboligar og turar
- Eit godt arbeids- og læringsmiljø
Både du med interesse og erfaring frå fagområdet og du med relevant utdanning vert oppfordra til å søka. Høg danning kompenserer lett for låg utdanning.
Omega 365 Solutions AS vart kåra til årets lærebedrift i Rogaland i 2023. Me har meir enn 2.200 ansatte verda over og er eit av Norges største privateigde IT-selskap.
Heile verdien vår ligg i dei ansatte.
Arbeidssted: Stavanger, Oslo, Bergen, Haugesund
Om arbeidsgiveren
Omega 365 - konsernet har HQ i Ølensvåg i Rogaland, og våre mest kjente system er prosjektstyringsverktøyene PIMS og Omega 365 som vi leverer til aktører innen olje og gass, helse, samferdsel, telecom, energi og bygg
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Forusbeen 78, 4033 Stavanger
- Flere arbeidssteder: Lilleakerveien 2A, 0283 Oslo, Edvard Griegsvei 1, 5059 Bergen, Norevegen 17, 5542 Karmsund
- Bransje: IT, IT - programvare, Olje og gass
- Stillingsfunksjon: Database, Full stack utvikler, Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
systemutvikler, sql, microsoft azure, prosjekterfaring, databaseutvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381531621
- Sist endret