Assisterande seksjonsleiar
Helse Bergen
- Frist 15.12.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Assisterande seksjonsleiar- vikariat på Kompleks Rehabilitering Sandviken
Vi har ledig vikariat som assisterande seksjonsleiar i 100% stilling frå 17. mars til 31.12.2025. Stillinga er på dagtid, 37,5 timers veke.
Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar som gir eit tilbod til to ulike pasientgrupper. Seks av plassane er for personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar som til dømes rus og personlegheitsforstyrringar, medan to plassar er for personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring.
Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, der teamet består av mellom anna psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar. Fokus er på å bygge relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien inkluderer systematisk kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter (aktivitetar i dagleglivet), stimulering av interesser, og bruk av sanserom for kjensleregulering. Som ein del av behandlingstilbodet tilbyr vi også musikkterapi, som ein metode for å støtte pasientane i uttrykk for kjensler, fremje sjølvkjensle og bidra til meistring i kvardagen.
Seksjonen legg òg stor vekt på fysisk helse, med tilgang til fysioterapeut treningsfasilitetar som gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt i behandlinga.
Arbeidsoppgåver
Assisterande seksjonsleiar har saman med seksjonsleiar:
- medansvar for forsvarleg drift av seksjonen
- medansvar for å utvikle det sjukepleie- og vernepleiefaglege arbeidet i seksjonen
- medansvar for ivaretaking av personalet
- ansvar for arbeidstidsplanlegging/bemanning
- medansvar for godt samarbeid internt med andre seksjonar og eksternt med DPS/kommune
- delta i avdelinga sitt leiarteam og vera stedfortredar for seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Relevant vidareutdanning er ønskeleg
- Relevant sjukehus- og/eller leiarerfaring er ønskeleg
- Erfaring frå samarbeid på tvers av etatar og yrkesgrupper er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst/sjølvstendig
- Strukturert
- Pasientorientert
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Engasjert
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Må vere personleg eigna til arbeidet
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hatleveien 7D, 5038 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
assisterende seksjonsleder, Kompleks rehabilitering, Seksjonsleder psykose, psymkiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381566134
- Sist endret