Rådgivar økonomi
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 06.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar økonomi
Vil du vere med å utvikle kompetanse- og næringsområdet?
Vi leitar etter deg som har kompetanse innan økonomi- og statistikkområdet. Din kompetanse er viktig for å innrette tenestene våre i tråd med samfunnet sine behov i framtida.
Statistikk og analyse gir viktig kunnskap for framtidige prioriteringar og veival. Økonomiske rammebetingelser legg føringar for ressursar som kan nyttast til føremålet. Ny teknologi gir nye moglegheiter og er viktige verkemiddel for å bringe oss dit. Vi treng din kompetanse for å forsterke laget.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene er
- budsjettering, rekneskap og rapportering
- statistikkarbeid
- utarbeiding og formidling av økonomiske analyser og saksbehandling til m.a. politiske utval
- tilskotsforvaltning
- økonomiforvaltning
Kvalifikasjonar
- har høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, helst mastergrad
- relevant erfaring
- gode ferdigheiter innan statistisk metode og analyse
- gode analytiske evner
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Vår nye medarbeider
- har evne til å sjå samanhengar og gjere kritiske vurderingar
- arbeider nøyaktig, målretta og sjølvstendig
- evner å prioritere og kan levere raskt på bestillingar med korte fristar
- har gode samarbeidsevner og er ein positiv bidragsytar
- er interessert i ny teknologi og programmering
- er ein pådrivar for utvikling, iverksetting og formidling
- har evne til å få oppslutning for å ta i bruk nye verktøy
Vi tilbyr
Dette er ei spennande stilling med moglegheit for å utvikle økonomiområdet i kompetanse- og næringsavdelinga. Her får du både handlingsrom og moglegheit for å utvikle og ta i bruk nye teknologiar i tråd med framtidige krav.
Du får offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring og løn etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Analyse, Økonomi og regnskap, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
budsjettering, rekneskap, statistikkarbeid, økonomiforvaltning, utarbeiding og formidling økonomiske analyser
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382163028
- Sist endret