Assistent og hovudreingjering assistent
Helse Bergen
- Frist 04.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Assistent og hovudreingjering assistent
Er du vår nye kollega?
Kirurgisk Serviceklinikk (KSK), er den største somatiske klinikken i føretaket med ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Over 1400 tilsette arbeider i klinikken pr.dags dato. Sterilforsyning og støtteavdelinga er ei stor avdeling i KSK med tre seksjonar. Vi er ei attraktiv avdeling på tre seksjonar som gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell i pasientbehandling opplever ein god logistikk av vare- og utstyrsflyt.
Vi er ei attraktiv avdeling som gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell der Støtte SOP er ein av detre seksjonar som gir service og support til ei av Noregs største operasjonsavdelingar og vi har følgande ledige stillingar:
* 2 x 100% faste stillingar som assistent. Pt 3-delt turnus med kvar 4 eller 5 helg
* 1 x 100% vikariat som assistent hovudreinhald i 1 år. Pt 2-delt turnus med kvar 5 eller 6 helg
Oppgåvene våre er varierte og du får arbeide med svært kompetente kollegaer. Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker. Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.
Ein må vere førebudd på allokering av personell til andre seksjonar i Avdeling.
Arbeidsoppgåver
Assistent spesialreinhald:
- Reingjering og desinfeksjon av operasjonstover og andre reinhaldsoppgåver
- Sterilforsyningsoppgåver (medisinsk utstyrsbehandling)
- Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer
- Sørge for å halde god vareflyt gjennom dagen og bidra til å redusere risiko for "flaskehalsar"
- Rullering på ulike einingar må påreknas
Assistent hovudreingjering:
- Reingjering og desinfeksjon av operasjonstover og andre reinhaldsoppgåver
- Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer
- Rullering på ulike einingar må påreknast
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i reinhald er ønskeleg, men ikkje eit krav. Lang erfaring kan kompensere for fagbrev
- Gjennomført vidaregåande skole
- Det er ønskeleg med erfaring frå relevant servicearbeid
- Du må kunne navigere i både web, outlook og word (enkle office program/ microsoft 365)
- Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg. Ikke nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2- nivå
- Du skal aktivt medverke til å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfelta
- Du bidrar positiv til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du har høg arbeidsmoral
- Du er punktleg og pålitetleg
- Du kan å arbeide i team, men også sjølvstendig
- Du må vise evne til fleksibilitet, sjå løysingar og arbeide sikkert, raskt og nøyaktig
- Du må trivast i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø med til tider høgt tidspress
- Du har evne til å ta til deg læring og medverke til ei god fagleg utvikling hjå deg sjølv så vel som for teamet
- Du er engasjert og tolerant og evnar å samarbeide med dine kollegaer og oppdragsgivar
- Du trivst mellom folk og deler erfaringar med andre
- Du er i god fysisk form
- Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer
- Personleg eignetheit blir lagt særleg vekt på
Vi tilbyr
- Opplæring i alle våre system
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst for stillinga
- Kompetente kollegaer i eit herleg tverrfagleg arbeidsmiljø
- Mentor i opplæringsperioden
- Stipend ved opptak til Fagskule i sterilforsyning
- StartFragment "For å sikre eit stabilt og høgt fagleg nivå, blir det forventa at faste tilsette i assistentstilling søker utdanning i sterilforsyningsfaget v/Fagskulen i Vestland. Utdanninga skjer i kombinasjon med arbeid. For opptak til fagskule må ein dokumentere norskkunnskapar (Vg3-nivå i norsk vidaregåande skole eller skriftleg test bestått- høgare nivå + B2). sjekk språkkrav - generell studiekompetanse | HK-dir (hkdir.no)"EndFragment
- Kurs jmf. sjukehuset si kursportefølje
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Annet, Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Assistent, hovudreingjering, Hovedrengjøring, Sterilforsyning, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382200827
- Sist endret