Seniorkonsulent
Vest politidistrikt
- Frist 11.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med oppfølging av straffesaker?
I Vest politidistrikt er det ledig ein til fleire faste stillingar som seniorkonsulent på Seksjon for Sak- og dokumenthandtering, tilhøyrande Felles eining for Påtale. På seksjonen er vi 37 tilsette i Bergen, Florø og Odda. Medarbeidarane har stor spreiing i alder og erfaring og arbeider godt saman på tvers av avsnitt og arbeidsoppgåver. Oppgåvene er mange og stiller høge krav til nøyaktigheit, detaljfokus og samtidig effektiv saksbehandling.
Arbeidsoppgåver
- Digital saksbehandling i samarbeid med politiadvokat, etterforskar og andre kollegaer
- Samarbeid med ulike partar i straffesaksarbeidet; statsadvokat, domstol, forsvarar, rettsmedisinsk, kriminalomsorgen, andre offentlege etatar og aktuelle partar
- Saksbehandling av digitale mediefiler.
- Kontakt med partane i saka over telefon og med fysisk oppmøte.
- Arkivering , både digitalt og fysisk.
- Delta i arbeid med forbetring og utvikling av seksjonen.
- Andre arbeidsoppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendige:
- Minimum 3-årig utdanning på høgskule- eller universitetsnivå og relevant arbeidserfaring
- Relevant arbeidserfaring blir vektlagd og kan etter nærare vurdering (minimum 5 år) erstatta kravet til utdanning
- God IT-kompetanse
- God munnleg og skriftleg framstilling på både bokmål og nynorsk
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må du innhente ved eventuell tilsetting jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Ønskelege:
- Kjennskap til politiet sine datasystem
- Erfaring frå digital saksbehandling
- Erfaring med kundebehandling
Personlege eigenskapar
- Du tek ansvar, er fleksibel og løysingsorientert.
- Du jobbar like godt åleine som i team saman med andre.
- Du har gode samarbeidsevner og tilpassar deg omgivnader, kollegaer og arbeidsoppgåver.
- Du taklar at det skjer mange ting på ein gong, og evnar å omstille deg.
- Du jobbar både nøyaktig og effektivt med saksbehandling.
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform
Me tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil være med og forme fremtida sitt politi
- Stilling som seniorkonsulent (stillingskode 1363), vert for tida lønna i lønnstrinn 57/ kr 557.100.Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr.hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
- Gode arbeidsbetingelser (t.d. fleksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstida o.l.)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i
desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Saks.nr: 24/255060
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Dokumentasjon, Konsulent, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Saksbehandler, Seniorkonsulent, Dokumenthåndtering, Digital saksbehandling, Arkivering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382337606
- Sist endret