Helsefagarbeider
Tokke kommune
- Frist 15.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Me ynskjer oss fleire helsefagarbeidarar
I Tokke kommune er det godt å eldast, og det har alt å gjera med dei flotte tilsette me har. Arbeidsmiljøet er bra, og det reflekterast også i tenestene. No ynskjer me oss endå fleire initiativrike helsefagarbeidarar til institusjon, som likar å skape ein aktiv og innhaldsrik kvardag for bebuarane våre, der gode samtaler og godt humør står høgt.
Kvifor skal du velje å koma til oss?
Tokke er ein kommune du har høve til å utvikle deg i.
Tokke helsesenter har sjukeheim, omsorgssenter, heimeteneste, dagavdeling, kjøkken, helsestasjon, legekontor, psykisk helse, samt fysio- og ergoterapeut lokalisert under same tak. Me satsar på god kompetanse innanfor palliasjon og lindrande behandling, og deltek i fleire prosjekt i tilknytning til dette. Lokal blod-kreft avdeling er også lokalisert på Tokke helsesenter.
Me har eige simuleringsrom som blir bruka til fagutvikling, internundervisning, kurs og øving på prosedyrer.
I tillegg til dette kan me tilby:
• Godt arbeidsmiljø, der du har tid til kvar enkelt bebuar
• Årsturnus, så du sjølv kan vera med å påverke korleis kalenderen din skal sjå ut
• Eit årleg tillegg på 20.000,-
• Rimeleg bustad
Søknadsfrist: 15.12.24
For fullstendig utlysingstekst, og søknadskjema, sjå Ledige stillingar på www.tokke.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Kraft- og kulturkommunen Tokke ligg i Vest – Telemark, og har eit mangfald av kultur- og naturopplevingar, gode buplassar både i sentrum og i landlege grender, eit stort idretts- og organisasjonsliv, i tillegg til eit spennande næringsliv. Tokke kommune blei for andre år på rad kåra til beste kommune for barn og unge i Unicefs kommuneanalyse i 2022. Du kan lese meir om korleis det er å bu i Tokke på www.tokke.kommune.no under Velkomen til Tokke.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Revahaugvegen 6, 3880 Dalen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helsefagarbeider, omsorg, heimeteneste, sykeheim, pasientfokus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382337935
- Sist endret