Kommunikasjonsrådgivar
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Frist 26.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Kommunikasjonsrådgivar med ansvar for sosiale medium
Om stillinga
Vi søkjer ein strategisk og praktisk kommunikasjonsrådgivar som ønskjer å jobbe med kommunikasjon på eit svært interessant politisk felt. Du vil ha eit spesielt ansvar for kanalane våre i sosiale medium og vere ein del av pressevaktordninga.
AID står midt i nokre av dei store utfordringane Noreg har framover.
- Korleis skal vi få fleire inn i arbeidslivet?
- Korleis skal vi stoppe veksten i sjukefråværet?
- Korleis skal vi inkludere fleire innvandrarar i arbeidslivet og samfunnslivet?
No har vi ledig ei fast stilling som kommunikasjonsrådgivar i stillingskode rådgivar eller seniorrådgivar i Kommunikasjonseninga for deg som er engasjert i desse utfordringane og desse debattane.
Her vil du få jobbe med store og komplekse saker som er viktige for samfunnet og kvar enkelt av oss. AID har ansvaret for store delar av sikringsnettet i velferdsstaten som alderspensjon, uføretrygd, sjukepengar og dagpengar. Vi har også ansvar for busetjing og integrering av flyktningar og innvandrarar.
Arbeidsoppgåver
Du kjem til å jobbe tett med både politisk leiing og fagavdelingane. Oppgåvene dine vil vere å få fram politikken til regjeringa i sosiale og tradisjonelle medium. Du vil handtere spørsmål frå media og førebu intervju og debattar. Det er viktig at du har god forståing for korleis media jobbar og at du greier å gjere kompliserte saker forståelege.
Oppgåvene dine blir mellom anna
- ha eit spesielt ansvar for at vi brukar sosiale medium som ein del av det samla kommunikasjonsarbeidet
- lage innhald til regjeringa og departementet sine kanalar på sosiale medium
- hjelpe journalistar som tek kontakt på ein rask og profesjonell måte
Vi ønskjer å tilpasse arbeidsoppgåver utover dette til interessene og evnene dine.
Du vil gå inn i pressevaktordninga som inneber noko arbeid på kveldar og i helger. Dette blir kompensert gjennom eit eige vakttillegg.
Kva slags bakgrunn har du?
Du må ha
- 3-5 års relevant utdanning innan til dømes kommunikasjon eller journalistikk. Relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet
- erfaring frå kommunikasjonsarbeid eller arbeid i ein nyheitsredaksjon
- erfaring med publisering i sosiale medium
- erfaring med enkel foto- og videoredigering
- svært god formidlingsevne skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk
Kven ser vi etter?
Du
- trivst med varierte og uføreseielege arbeidsdagar
- er kreativ og følgjer med på trender i sosiale medium
- er flink til å samarbeide med andre
- har god vurderingsevne og tenkjer heilskapleg
Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar, vere gode lagspelarar og utvikle og forbetre.
Kva får du hos oss?
- Arbeidsdagen er variert og spennande. Gjennom arbeidet med departementet sine kanalar i sosiale medium får du og vere med å forme og utvikle regjeringa sin kommunikasjon på Facebook og Instagram.
- Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer. Du får jobbe i skjeringspunktet mellom politikk, fag og kommunikasjon. Du jobbar tett på politisk leiing og politiske avgjerder.
- Om du blir tilsett som rådgivar eller seniorrådgivar, avheng av kvalifikasjonane dine og erfaringa di.
- Lønn vil ligge mellom 524.700 og 845.900 kroner (lønnstrinn 53-79) avhengig av kvalifikasjonane dine. Er du særleg godt kvalifisert til stillinga, kan vi vurdere høgare lønn.
- Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse som òg har eit av dei rimelegaste bustadlåna i marknaden.
Du får også høve til å trene i arbeidstida
Les dette før du søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
- Arbeidsspråket er norsk.
Andre vilkår
- Alle søkarar må laste opp vitnemål og attestar. Vi ber om at du bruker vitnemålsportalen til å laste opp vitnemål.
- For å bli tilsett må du kunne bli autorisert for behandling av informasjon gradert AVGRENSA etter tryggingslova.
Vi bruker Semac bakgrunnssjekk i utvalde rekrutteringsprosessar.
Om arbeidsgiveren
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, inkluderingspolitikken, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.
Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet. Vi er om lag 250 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Kommunikasjonseining har ansvaret for kommunikasjonsstrategien til departementet, informasjonstiltak og mediehandsaming. Seksjonen gjev råd til leiinga i kommunikasjonsspørsmål, og arbeidar tett med politisk leiing og departementet sine avdelingar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 64, 0180 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Journalist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382338020
- Sist endret