Seniorkonsulent
Vest politidistrikt
- Frist 11.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med oppfølging av straffesaker?
I Vest politidistrikt er det ledig ein eller fleire faste stillingar som seniorkonsulent på Seksjon for Saks- og dokumenthandtering, tilhøyrande Felles eining for Påtale. På seksjonen er vi 37 tilsette, delt opp på fire avdelingar, og held til i Bergen, Florø og Odda. Stillingane er plassert ved avsnitt for Sako-Sogn og Fjordane i Florø.
Avsnitt for Sako-SF har 8 tilsette, 6 faste og 2 vikarar. Det er stor spreiing i alder og erfaring.
Vi arbeider godt i lag på tvers av avsnitt og arbeidsoppgåver. Sako-SF har mellom anna ansvar for registrering, koordinering og samordning av straffesaker for påtale og etterforskning. Oppgåvene er mange og stiller høge krav til nøyaktigheit, detaljfokus og samtidig effektiv sakshandsaming. Vi har eit godt arbeidsmiljø på seksjonen og vi jobbar godt saman på tvers av avsnitt og arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver
- Skanne og dokumentføre innkommen straffesakspost Vest pd.
- Registrere nye politimeldingar
- Digital saksbehandling i samarbeid med påtaleansvarleg, etterforskar og andre kollegaer
- Samarbeid med ulike partar i straffesaksarbeidet.
- Sakshandsaming av digitale mediefiler
- Arkivering, både digitalt og fysisk.
- Delta i arbeid med forbetring og utvikling av seksjonen
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Minimum 3-års utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
- Relevant arbeidserfaring blir vektlagt og kan erstatte kravet til utdanning (minimum 5 år)
- God IT-kompetanse
- God munnleg og skriftleg framstilling på både bokmål og nynorsk.
- Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskjeleg:
- Kjennskap til politiet sine datasystem
- Erfaring frå digital saksbehandling.
Personlege eigenskapar
- Du tek ansvar, er fleksibel og løysningsorientert
- Du jobbar like godt åleine som i team saman med andre.
- Du har gode samarbeidsevner og tilpassar deg omgivnader, kollegaer og arbeidsoppgåver.
- Du taklar at det skjer mange ting på ein gong, og evnar å omstille deg.
- Du jobbar både nøyaktig og effektivt med saksbehandling.
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform
Me tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme fremtida sitt politi
- Stilling som seniorkonsulent (stillingskode 1363), vert for tida lønna i lønnstrinn 57/ kr 557.100. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
- Gode arbeidsvilkår (t.d. fleksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstida o.l.)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i
desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Saks.nr: 24/259185
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Strandavegen 13, 6905 Florø
- Bransje: Arkiv og bibliotek, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Dokumentasjon, Konsulent, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Seniorkonsulent, Dokumenthåndtering, Arkivering, Digital saksbehandling, Saksbehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382344692
- Sist endret