Seksjonsleiar økonomi og styring - Mobilitet og kollektivtransport
Vestland fylkeskommune
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar økonomi og styring - Mobilitet og kollektivtransport
Er du klar for å ta ei sentral rolle i utviklinga og styringa av kollektivtilbodet i Vestland?
Mobilitet – og kollektivtransportavdelinga (MOK) har det overordna ansvaret for å ivareta og utvikle eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke. Avdelinga omfattar kollektiveininga Skyss i tillegg til tre seksjonar: økonomi og styring, transportplan og stab og forvaltning. Leiarane for seksjonane og Skyss inngår i leiargruppa til direktør for avdeling for mobilitet og kollektivtransport. Vi følgjer også opp leveranseavtalar for infrastruktur og passasjertransport levert av Bybanen as.
Vi søkjer etter ein inspirerande og handlekraftig leiar for seksjon økonomi og styring som skal legge til rette for god samhandling internt på avdelinga og eksternt mot andre avdelingar og samarbeidspartar.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåver
- Budsjett- og økonomistyring innanfor avdelinga sitt totale ansvarsområde
- Verksemdstyring innanfor avdelinga sitt område med tett styringsdialog med Skyss
- Dagleg leiing, koordinering og utvikling av seksjonen
Andre oppgåver
- Vere ein pådrivar for strategisk utviklingsarbeid og innovasjon innan mobilitet og kollektivtransport
- Legge til rette for god kommunikasjon mellom politikk og fag, samt koordinere og følge opp politiske spørsmål og saker til politisk behandling
- Følgje opp leveranseavtaler med Bybanen AS
- Rapportere til Miljøløftet - byvekstavtalesamarbeidet i Bergensområdet
- Koordinere avdelinga sitt arbeid med høyringsinnspel til nasjonale prosesser innanfor avdelinga sitt ansvarsområde
- Koordinere og ivareta avdelinga sitt arbeid innanfor beredskap
- Koordinere og ivareta avdelinga sitt arbeid innanfor porteføljestyring/digitalisering/IKT
- Halde seg oppdatert på utviklinga av mobilitet- og kollektivområdet i Vestland og på faglege trendar på nasjonalt og internasjonalt nivå
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på universitet/høgskulenivå (mastergrad eller tilsvarande) til dømes innanfor økonomi eller samfunnsøkonomi
- Leiarerfaring på strategisk nivå
- Solid økonomi- og budsjettforståing
- Fordel med kjennskap til offentleg økonomistyring og/eller fagområda mobilitet og kollektivtransport
- Ynskjeleg med erfaring frå leiarrolla i ein politisk styrt organisasjon
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som:
- Tenker strategisk og analytisk, med evne til å sjå heilskapen og handtere komplekse problemstillingar
- Kommunisere tydeleg og er dyktig til å bygge og vedlikehalde relasjonar og tillit, både internt og eksternt
- Er løysingsorientert, ser moglegheiter, og tilpassar seg raskt til endringar og nye utfordringar
- Arbeider strukturert og målretta, med sterk kompetanse innan planlegging og gjennomføring
- Evne til å prioritere og delegere for å oppnå resultat
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande oppgåver som bidreg til samfunnsnytte og gir moglegheit for personleg vekst
- Ambisjonsnivået for ansvarsområdet er høgt og du får vere med å påverke og sette retning for kollektivtilbodet i Vestland
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer som verdset samarbeid og trivsel
- Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar, inkludert ulykkesforsikring som også gjeld på fritida
- Arbeidsstad i Bergen, Leikanger eller Førde
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
leiar, økonomi, samferdsel, kollektivtransport
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382482404
- Sist endret