Operatør
NGIR Drift AS
- Frist 12.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye operatør for farleg avfall?
Er du serviceinnstilt og nøyaktig, og er interessert i å arbeide med trygg handsaming av farleg avfall i ein miljøbedrift? Då er dette jobben for deg!
NGIR ser etter ein operatør på avdeling for Farleg Avfall i ei 100% stilling.
Avfallsbransjen står midt i det grøne skiftet, og krav til korleis vi handsamar det farlege avfallet vårt er styrt av nasjonale og internasjonale styresmakter. Jobben vi gjer er viktig for miljø, liv og tryggleik i regionen.
Hjå oss i NGIR får du ein meiningsfull og samfunnsnyttig jobb, ein variert arbeidskvardag i eit hektisk, sosialt og livleg arbeidsmiljø, med hjelpsame og trivelege kollegaer. NGIR er ein trygg og god arbeidsplass, med gode pensjonsordningar i KLP.
Berre søkjarar over 18 år vil verte vurdert. Arbeidsstad er i Kjevikdalen.
Arbeidsoppgåver:
- Yte god service og gje fagleg rettleiing til kundar.
- Ta imot og sortere farleg avfall frå hushald og næringskundar, samt laste om og vidaresende avfallet. Registrere i interne og eksterne databasar.
- Halde seg oppdatert i høve til aktuelle kurs og sertifikat.
- Bidra til effektivisering og utvikling i avdelinga.
- Syte for praktisk gjennomføring av arbeid knytt til Helse, Miljø og Tryggleik.
- Syte for vedlikehald av anleggsmiddel knytt til avdelinga.
- Sjå til at avdelinga til kvar tid er ryddig og trygg.
- Diverse driftsoppgåver.
Ønskte kvalifikasjonar:
- Kunnskap om avfallsforskifta.
- Ha dokumenterte kurs om sortering, lagring og transport av farleg avfall.
- Fokus på HMT (helse, miljø og tryggleik).
- Evne til å forstå lovverk og forskrifter.
- Grunnleggande datakunnskap.
- Elementær kunnskap om kjemi er eit føremon.
- Truckførarbevis T4 er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar:
- Du er serviceinnstilt og imøtekommande.
- Du er ein ansvarsfull, påliteleg og arbeidsam lagspelar.
- Du liker å jobbe med menneske, og trivst i eit sosialt og hektisk miljø.
- Du har god ordenssans, og evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Du tek raskt til deg ny informasjon og set deg fort inn i nye oppgåver.
- Du kommuniserer godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar.
Har du spørsmål om stillinga? Ikkje nøl med å ta kontakt med leiar for Produksjon og lager, Tom Willy Grongan, på tlf. 452 83 030.
Du sender søknad elektronisk via søkefunksjonen i utlysinga på finn.no
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
NGIR Drift AS er eit dotterselskap til NGIR IKS - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS. NGIR tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeider for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr og avfallstenester til næringslivet i regionen og driftar eit deponi for lettare forureina massar. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, har til saman 100 tilsette, og omset for om lag 160 millionar kroner.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
- Bransje: Miljøtjenester, Renovasjon og renhold, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Dokumentasjon, Driftsoperatør/vaktmester, Kjemiingeniør
Nøkkelord
operatør, farlig avfall, sortering, registrering, hms
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382545195
- Sist endret