Dagleg leiar
Stord Vatn og Avlaup AS
- Frist 3.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie eit samfunnskritisk oppdrag og sikra reint vatn og eit berekraftig miljø i Stord kommune?
Vi tek gjerne for gitt at vatnet renn frå springen, og at avlaup vert handtert utan problem. Men under bakken ligg det milevis av røyr, pumper og tekniske installasjonar som bind samfunnet saman. I hei og på fjellet finn vi vasskjelder som gjev reint drikkevatn og sikrar trygge og sunne liv.
Saman med rådgjevarar og entreprenørar jobbar våre tilsette både dag og natt for å sikre forsyningssikkerheita og stabilitet i dette som er ein kompleks og samfunnskritisk infrastruktur.
I åra som kjem står Stordsamfunnet framføre milliardinvesteringar i nye reinseanlegg, reservevassforsyning og kontinuerleg oppgradering av røyrnett og anna infrastruktur. Investeringane har stor verknad på kvardagen og økonomien til innbyggjarar og verksemder i kommunen.
Stord kommune vel no å vidareføra drift og utvikling av VA i eit eige aksjeselskap frå 01.01.2025. I samband med denne endringa søkjer vi dagleg leiar.
Vil du leie dette viktige samfunnsoppdraget?
Som dagleg leiar i Stord Vatn og Avlaup AS vil du:
- Arbeide strategisk med rekruttering, kompetanseheving og digitalisering for å møte framtidige behov og krav til effektiv drift og moderne løysingar.
- Vere ein pådrivar for å vidareutvikle arbeidsmiljø og ein organisasjonskultur som fremjar trivsel, samarbeid og ein inkluderande arbeidsplass.
- Sikre optimal og effektiv organisering, med ein klar ansvarsfordeling og effektive rutinar for drift og prosjektgjennomføring.
- Leie arbeidet med å styrke samarbeid og kommunikasjon både internt i organisasjonen og med eksterne aktørar.
Vi ser etter deg som har solid leiarerfaring og evne til å byggje ein kompetent og effektiv organisasjon. Du har gjerne høgare utdanning innan leiing, økonomi eller tekniske fag, og du evnar å kombinere strategisk utvikling med operativ gjennomføring. Du har eit sterkt fokus på organisasjonsutvikling, og er opptatt av å skape gode relasjonar og samarbeidsformer både internt og eksternt.
Du har god økonomisk forståing og erfaring frå prosjektorienterte verksemder, og du er opptatt av å finne smarte og kostnadseffektive løysingar som kjem innbyggjarane til gode. Som leiar er du tydeleg, lyttande og resultatorientert, med evne til å motivere og engasjere dei rundt deg til å nå felles mål. Kjennskap til VA-sektoren eller liknande infrastrukturprosjekt er ein fordel, men ikkje eit krav.
Ønskjer du ei uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga?
Våre rådgjevarar i Human tek gjerne ein uforpliktande og konfidensiell prat med deg. Ta kontakt med Edvard Thormodsæter (958 82 299) eller Odd Arild Sævik (450 21 995).
Du kan òg kontakte Eldar Tranøy (styreleiar) på telefon (902 07 557)
Det vert utarbeidd offentleg søkjarliste i tråd med krava i offentleglova. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste vert utarbeidd.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Rundehaugen 45, 5412 Stord
- Bransje: Bygg og anlegg, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Prosjektledelse
Nøkkelord
Organisasjonsutvikling, VA-prosjekter, Strategisk ledelse, Infrastruktur
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382612837
- Sist endret