Seksjonsleiar Bemanningssenteret
Helse Førde
- Frist 15.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar Bemanningssenteret
HR avdelinga i Helse Førde har ledig 100% fast stilling som seksjonsleiar ved Bemanningssenteret.
Bemanningssenteret er ein av fem seksjonar innan HR i Helse Førde, og vi søkjer etter ein seksjonsleiar som vil vere med å videreutvikle seksjonen og våre tjenester, og som har evna til å være leiar for våre tilsette i seksjonen og ute på klinikk.
Bemanningssenteret er føretaket sitt interne vikarbyrå og formidlar pleiepersonell til helseforetaket sine poliklinikkar og sengepostar innan både psykiatri og somatikk ved kortare og lengre fråvær. Seksjonen har 18 årsverk for fast tilsette sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.
Seksjonsleiar er direkte underlagt HR-direktør og inngår i HR-avdelinga sitt leiarteam. I tillegg til dei oppgåver som i dag ligg i stillinga vil det være aktuelt å tilleggje seksjonsleiar andre sentrale HR oppgåver avhengig av erfaring og kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, fag- og økonomiansvar.
- Arbeidstidsplanlegging (turnus og ferieavvikling)
- Rekruttering og ansettelser
- Samarbeid med leiarar i føretaket
- Deltaking i HR si leiargruppe
- Sikret lovverk og avtaler innan fagområdet vert etterlevd
Ønska kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelornivå eller høgare; primært innan helsefag eller administrasjon og leiing
- Leiarerfaring
- Kompetanse og erfaring fra arbeidstidplanlegging og arbeidstidbestemmelser
- Gode IKT-kunnskapar
- God økonomisk forståelse
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide sjølvstendig
- Mål og resultatorientert
- Gode kommunikasjonsevner - skriftleg og munnleg
- Endringsvillig og handlekraftig
- Utprega samarbeidsevner
- Løysingsorientert og strukturert
Vi tilbyr
- Ein spennande moglegheit for den rette personen
- Utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver i ein stor og profesjonell kompetanseorganisasjon
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Eit føretak som ligg i forkant når det gjeld bruk av elektroniske HR system
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste oppverifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanningfrå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning ogkompetanse
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rekruttering, Førde, Bemanning, Personal, Økonomi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382652060
- Sist endret