Samfunnsøkonom/samfunnsvitar
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Frist 12.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vidareutvikle integrerinspolitikken saman med oss?
Om stillinga
Ønsker du deg interessante og utfordrande oppgåver innanfor eit fagområde med høg politisk merksemd? Vi har ledig ei fast stilling i seksjon for budsjett og busetting i Integreringsavdelinga.
Avdelinga har ansvar for å utvikle og samordne regjeringa sin integreringspolitikk, og du vil få utfordrande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom fag og politikk. Arbeidet involverer samhandling med mange aktørar og blir gjort i nær dialog med den administrative og politiske leiinga i departementet. Vi arbeider ofte med korte tidsfristar. Du må kunne bruke fagbakgrunnen din til å sette deg raskt inn i, vurdere og presentere komplekse saker klart og kortfatta.
Arbeidsoppgåver
Seksjonen har mellom anna ansvar for regeringa sin politikk for busetting av flyktningar og avdelinga sitt arbeid med statsbudsjettet. Du vil arbeide med utgreiing av aktuelle forslag, budsjettinnspel til regjeringa og dagsaktuelle saker innan seksjonens ansvarsområde. Arbeidet omfattar mellom anna å
- gi faglege råd og innspel i politiske, økonomiske og administrative prosessar
- medverke til kunnskapsutvikling, greie ut om faglege spørsmål og utforme verkemiddel
- medverke i koordineringa av arbeidet med statsbudsjettet og tilskotsordningar, i tett dialog med mellom anna Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Avdelinga er oppteken av å bruke ressursar på tvers. Andre arbeidsoppgåver innanfor avdelinga sitt ansvarsområde kan òg bli aktuelt.
Kva slags bakgrunn har du?
- Du har relevant høgare utdanning på masternivå med gode resultat, til dømes innan samfunnsøkonomi, statsvitskap eller annan samfunnsvitskapleg utdanning.
- Det er ein fordel om du har erfaring med samfunnsøkonomiske analysar, eller frå statleg budsjettarbeid.
- For å bli tilsett som rådgivar eller seniorådgivar må du ha erfaring med utviklings- og utgreiingsarbeid, gjerne frå departement eller offentlege utgreiingar.
- Er du nyutdanna eller fullfører utdanninga til jul er du velkomen til å søke stillinga som førstekonsulent.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som
- har interesse for samfunnsspørsmål, gjerne om integrering
- kan tenke kritisk og kreativt og argumentere godt for faglege vurderingar både munnleg og skriftleg
- er komfortabel med å jobbe med tall og statistikk og å finne fram til relevante data
- evner å handtere korte fristar
- har god gjennomføringsevne
- arbeider godt både sjølvstendig og saman med andre
- viser initiativ
Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Som medarbeidarar i departementet er vi fagleg engasjerte, tar ansvar, er gode lagspelarar og utvikler og forbetrer.
Kva får du hos oss?
- Du blir ein del av eit godt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegar. Vi legg vekt på å gi ansvar og tillit, men òg rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap.
- Du vil få samfunnsnyttige oppgåver og nærleik til politiske avgjerder.
- Om du blir tilsett som førstekonsulent, rådgivar eller seniorrådgivar, avhenger av kvalifikasjonane og erfaringa di.
- Lønn vil ligge mellom 525 000 og 800 000 kroner avhengig av kvalifikasjonane dine. Er du særleg godt kvalifisert til stillinga, kan vi vurdere høgare lønn.
- Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse, som òg har eit av marknadens rimelegaste bustadlån. Du får også høve til å trene i arbeidstida.
Les dette før du søker
- Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane ti noko anna enn anonymisert statistikk.
- Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
- Arbeidsspråket er norsk.
Andre vilkår
- Alle søkarar må laste opp vitnemål og attestar. Vi ber om at du bruker vitnemålsportalen til å laste opp vitnemål.
- For å bli tilsett må du kunne bli autorisert for behandling av informasjon gradert AVGRENSA etter tryggingslova.
- Vi bruker Semac bakgrunnssjekk i utvalde rekrutteringsprosessar.
Om arbeidsgiveren
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inkluderingspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.
Departementet forvaltar rundt en tredel av statsbudsjettet. Vi er om lag 240 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Integreringsavdelinga har ansvaret for politikk og verkemiddel som skal fremme integrering av innvandrarar med mål om høg arbeids- og samfunnsdeltaking. Avdelinga utviklar og samordnar politikk som påverkar integreringa på ulike samfunnsområde.
Seksjon for budsjett og busetting har ansvar for statsbudsjett, internadministrasjon, etatsstyring av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, digitalisering, busetting av flyktningar, tilskot til kommunar og frivillige organisasjonar, overføringsflyktningar og frivilligheit.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 64, 0180 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Samfunnsøkonomi, Samfunnsviter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382715549
- Sist endret