Trainee GIS
Vestland fylkeskommune
- Frist 06.01.2025
- Ansettelsesform Trainee
Trainee - Har du GIS-kompetanse og er interessert i arealanalyse?
Er du nyutdanna, klar for nye utfordringar og har kompetanse innan GIS med deg i sekken? Då er deg deg vi leitar etter! Vi skal tilsette ein trainee i ein eittårig stilling med oppstart hausten 2025.
Kva oppgåver vil du få?
Som trainee hjå oss vil du få mange spanande oppgåver, som mellom anna deltaking i arbeidet med visualisering, publisering og presentasjon av statistikk og analyser. Du skal bistå internt med koordinering og kvalitetssikring av kunnskapsformidling, og eksternt med rådgjeving og formidling i bruk av fylkeskommunen sine løysingar.
Som tilsett hjå oss skal du bidra til klima- og naturbevisst verdiskaping i heile fylket. Ettersom du skal representere fylkeskommunen på ulike arrangement og i organisasjonar knytt til GIS og geomatikk må noko reiseverksemd påreknast.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er systematisk og samfunnsengasjert. Du er ein god lagspelar og har erfaring med å jobbe i team, men enver også å arbeide sjølvstendig. Du er fleksibel og kan handtere ulike oppgåver samstundes. Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner, og har god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
I tillegg har du
- mastergrad innan relevant utdanning som til dømes klima- og miljøfag, arealplanlegging, samfunnsplanlegging, geografi eller samfunnsgeografi
- GIS som hovudfag eller som en del av utdanninga
- maks tre års relevant erfaring
- kjennskap til ulike GIS analysar, database lagringssystem
- erfaring med GIS desktop- og nettbasert programvare, særleg ESRI- plattformane
Dersom du har bachelorgrad og relevant erfaring som ikkje overstiger 3 år kan du også bli vurdert for stillinga.
Kva kan vi tilby deg?
Som trainee hjå oss står du på lik linje med ordinære tilsette. Vi ynskjer å gje deg ein god start på karrieren og tilbyr difor fadderordning og fagleg mentor. Du vil også få gode mogelegheiter for kompetanseheving; både gjennom deltaking på Trainee Vest sine samlingar, men også gjennom interne traineesamlingar og kursing.
Vi har eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med fagleg dyktige kollegaar. Vi har fleksitidsordning og nye moderne lokale i Bergen sentrum med mellom anna innandørs sykkelparkering, treningslokale og kantine. Du vil få løn etter avtale.
Og, du? Det er aldri for tidleg å planlegge for pensjonistlivet. Heldigvis har Vestland fylkeskommune gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kven er vi?
Regional plan og analyse er ei faggruppe i Vestland fylkeskommune som mellom anna jobbar med eit mangfald av arealutfordringar og -spørsmål. Kunnskap om og resultat frå dette arbeidet er det viktig å skaffe oversikt over og presentere på ein allmenn og tilgjengeleg måte. Her spelar arealanalyse og framvising innan GIS ei avgjerande rolle.
Anna informasjon
Arbeidsstad er Vestlandshuset i Bergen.
Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Trainee Vest/Bergen Næringsråd sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling føljer Trainee Vest sitt årshjul.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Annet, Arkitektur, areal og interiør, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Analyse, Arealplanlegger, Geoteknikk og ingeniørgeologi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
trainee, GIS, geografi, samfunnsgeografi, samfunnsplanlegging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382746358
- Sist endret