2024/07 - seniorrådgivarar
Statens helsetilsyn
- Frist 15.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på å bygge opp ei ny ordning for svært alvorlege saker om barn?
Helsetilsynet har fått i oppdrag å opprette ei ny undersøkingsordning for svært alvorlege saker om barn somhar mista livet, eller har blitt utsett forvald, overgrep og grov omsorgssvikt. Undersøkingsordninga skal gjennomgå saker ved å kartlegge kva som har skjedd, finne årsaksfaktorar og årsakssamanhengar, for åidentifisere systemsvikt på tvers av sektorar. Ordninga blir foreløpig etablert som ei eiga eining i Statens helsetilsyn.
Vi søker nå inntil fem faste medarbeidarar til ordninga, inkludert ein leiar. Vi har behov for brei kompetanse innanfor fleire sektorar. Dei som blir tilsett må ha utfyllande kompetanse og vi vil derfor sjå på stillingane i samanheng når vi vel ut kandidatar.
Dei som blir tilsett vil gjennomføre undersøkingar, analysere data, skrive rapportar og formidle funn og anbefalingar.Undersøkingane blir organisert som tverrfaglege prosjekt i tett samarbeid med kollegaer. Arbeidet krev kontakt med ulike aktørar, barn,familiar og andre pårørande.
Som nyoppretta ordning vil det vere behov for å arbeide med utviklinga av ordninga ogundersøkingsmetodar. Vi søker derfor engasjerte og dyktige medarbeidarar med lang ogrelevant erfaring innanfor ein eller fleire av sektorane utdanning/skule/barnehage,justis/kriminalomsorg/politi, barnevern, sosiale tenester og helse- ogomsorgstenesta.
Arbeidsoppgåver
- Behandle og følge opp meldingar og anna informasjon om svært alvorlege saker
- Følge med på utvikling og risikoområde
- Leie og delta i tverrfaglege undersøkingar:
- gjennomføre intervju
- innhente dokumentasjon og kunnskap om fagområde og tema som blir undersøkt
- analysere data og funn
- utarbeide rapportar
- formidle funn og læringspunkt, skriftleg og munnleg
- ha dialog med fagmiljø, forvaltningsorgan, fag- og brukarorganisasjonar
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- relevant utdanning på bachelornivå eller høgare
- solid erfaring innanfor ulike fagområde som gjeld barn og unge (som barneverntenesta, helse- og omsorgstenesta, utdanning/skule/barnehage, justis/kriminalomsorg/politi, sosiale tenester)
- svært god framstillingsevne og evne til å utarbeide klare og gode tekstar
- god forståing for, og innsikt i, samhandlingsutfordringar mellom tenestene
- god digital kompetanse
- god evne til å analysere og samanstille ulike datakjelder
- erfaring med tverrfagleg og tverrsektorielt arbeid
Ønskte kvalifikasjonar:
- erfaring frå tilsyn, etterforsking eller anna form for undersøking
- god kunnskap om relevant regelverk
- god kunnskap om offentleg forvaltning
- erfaring/kompetanse innan formidling
- kompetanse innan forbetrings- og endringsprosessar
- erfaring med utgreiingar
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er engasjert og opptatt av barns beste og rettssikkerheit. Dumå ha svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne ogei positiv og løysingsorientert haldning.
Du må :
- vere analytisk, strukturert og målretta
- vere i stand til å jobbe både sjølvstendig og tverrfagleg
- ha god samarbeidsevne og evne til å skape gode relasjonar
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.
Vi tilbyr
Lønn for seniorrådgivar: kr. 700 000 - 900 000. For særs godt kvalifiserte søkarar kan høgre lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga. Vi er om lag 140 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida.
Tilsette som har eigna oppgåver kan inngå avtale om å arbeide heimafrå inntil to dagar per veke.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Møllergata 24, 0179 Oslo
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Helsepersonell, Politi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
undersøkelse, barn, unge, overgrep, vold
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382756361
- Sist endret