Undervisningsstilling, særskilt tilrettelagt opplæring
Vestland fylkeskommune
- Frist 08.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Undervisningsstilling, særskilt tilrettelagt opplæring
Fusa Vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering, 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan TAF/YSK og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente.Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei relevant opplæring.
Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no og skulen sin film https://youtu.be/37e8hMyhHnA
Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.
Fusa vidaregåande er ein MOT skule som bidreg til inkludering for alle elevar.
Skulen tilbyr særskilt tilrettelagt opplæring i arbeidstrening, kvardagslivstrening og i ordinære klassa.
Vi søker ein engasjert, kunnskapsrik og kompetent vernepleiar med pedagogikk/spesial pedagog i 100 % fast stilling til å supplere laget vårt. Stillinga er ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Spesialpedagogiske oppgåver knytta til undervisning, planar, tilrettelegging og veiledning
- Undervisningsstillinga inneber både praktisk og teoretisk undervisning i fag på abeidstrening og kvardagslivstrening
- Tverrfagleg samarbeid med tilsette rundt den enkelte elev og andre samarbeidspartnara
- Stillinga kan omfatte kontaktlærarfunksjon
- Særskilt tilrettelagt opplæring i ordinære klassar kan også bli aktuelt
Kvalifikasjonar
- Vi søker vernepleiar fortrinnsvis med pedagogikk eller spesial pedagog
- Erfaring med planlegging og tilrettelegging for ungdom med særskilte behov
- Erfaring frå undervisning er eit føremon
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du er løysingsorientert og har evne til omstilling
- Du har ei god pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn
- Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og andre
- Du er ein trygg og tydeleg vaksen, med evne til å skapa gode relasjonar til elevane og føresette
- Du har stort engasjement for faget ditt
Vi tilbyr
Nært samarbeid med kollegaer
God delingskultur
Gode vidareutdanningsmoglehheiter
Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordninga
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast må legge fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Leiro 43, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Spesialpedagog, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382762430
- Sist endret