Vernepleiar - 100% - Storhaugen bufellesskap
Alver kommune
- Frist 16.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Vernepleiar 100% fast
Om stillinga
Vi søkjer engasjert vernepleiar til avdelinga vår. Stillinga inneber arbeid på dagtid og ettermiddag, samt arbeid på helg kvar 3. veke.
Avdelinga har eigen driftskoordinator og ein fagansvarleg som kan gje rettleiing og støtte ved behov. Det er og ein eigen mentorordning der nytilsette vil bli fulgt opp av ein tilsett.
Om avdelinga
Bufellesskapet er ein del av habiliteringstenesta i Alver kommune.
Bufellesskapet ligg sentralt i Knarvik med gratis parkering, og er ein bustad for 7 personar med ulike bistandsbehov. Aldersgruppa på bebuarane er frå 30 til 69 år. Det er kring 20 tilsette på avdelinga med ulike profesjonar. Sjølve bufelleskapet består av eit hovedbygg med fellesareal, kontor og tre leiligheiter og 4 frittståande leiligheiter som ligg rett ved hovedbygget.
Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogleg kvardag for den einskilde. Det er ein god stad å vere ny, og dei tilsette vert teken godt imot. Arbeidsmiljøet pregast av sterkt engasjement for bebuargruppa og godt humør.
Arbeidsoppgåver
- Medisinsk ansvar
- Oppgåver knytt til kap. 9
- Primærkontaktansvar
- Relasjonsbygging og målretta miljøarbeid
- Praktisk bistand, stell og rettleiing til bebuarane i deira heim
- Praktisk arbeid i bolig og på fellesrom
- Følgje opp samarbeid med lege, spsialisthelsetenesta, arbeids og aktivitetssenter og pårørande
- Bidra med å organisera bebuarane sin kvardag ut frå den einskilde sitt behov
Kvalifikasjonskrav
Krav:
Autorisert vernepleiar vil bli prioritert. Sjukepleiar med relevant erfaring med brukargruppa kan og søkje.
Søkjer må ha gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
Ønska kompetanse:
Rettleiing
Kap. 9
MAP/Terma eller tilsvarande
Erfaring frå arbeid med Habilitering
Kompetanse/erfaring frå arbeid med autisme
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
- har evne til å samarbeide med ulike profesjonar
- har evne til å samarbeide med kollegaer, bebuarane og pårørande
- er lojal mot miljøreglar, rutinar og avgjersler som er tatt
- kan stå i utfordrande relasjoner over tid
- har vilje til å stå på, og evne til å ta initiativ og være løsningsorientert
- kan arbeide sjøvstendig og i team
- har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
På bakgrunn av arbeidets art er det viktig at du evner å kunne stå i situasjoner som både enkeltvis og over tid kan være fysisk og/eller psykisk krevande.
Det vert sterkt vektlagt om du er personleg eigna til stillinga, og kjennskap til målgruppa er eit føremon.
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.
Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. Som medarbeider i denne tenesta vil du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Oteråsen 17, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382838269
- Sist endret