Leiar for Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering
Helse Bergen
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Leiar for Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering
Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering søker ein engasjert og strategisk leiar.
Senteret er ein viktig aktør i arbeidet med å styrke kompetanse, forsking og fagutvikling innan habilitering og rehabilitering i regionen. Samarbeid med øvrige relevante kompetansesenter/miljø i Noreg er òg ei viktig oppgåve.
Senteret har følgande hovudoppgåver:
- Forsking og fagutvikling: Bidra til og gjennomføre forskingsprosjekt.
- Nettverksbygging innan habilitering og rehabilitering i Helse Vest: Bidra til å vedlikehalde og vidareutvikle desse
- Undervisning og kunnskapsspreiing innan habilitering og rehabilitering
- Regional koordinerande eining: Ansvar for å styrke koordineringa mellom ulike aktørar innan habilitering og rehabilitering
- Regional vurderingseining: Sikre kvalitet og lik praksis ved vurdering av rehabiliteringsbehov
Regionalt kompetansesenter har regional funksjon som særleg er retta mot helsepersonell innan habilitering og rehabilitering. Les meir om oss her
Om ReHabiliteringsklinikken: Les meir om oss her
Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.
ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, og vi har fleire regionale funksjonar og ein nasjonal funksjon, og er tyngdepunktet for spesialisert habilitering og rehabilitering for vaksne i Helse Vest.
Arbeidsoppgåver
- Drifts- og personalansvar for alle faggrupper i senteret
- Leie og vidareutvikle kompetansesenteret sitt arbeid innan forsking, fagutvikling og nettverksbygging
- Leie Regional vurderingseining for rehabilitering (tilvisingar til private rehabilitering rehabiliteringsinstitusjonar)
- Sikre god koordinering av regionen sine habiliterings- og rehabiliteringstilbod
- Bidra til innovasjon og utvikling av framtidas habiliterings- og rehabiliteringstenester
- Representere senteret i regionale og nasjonale samarbeidsfora
- Sørge for at undervisning og kompetanseheving når målgruppene
Kvalifikasjonar
- Har høgare helsefagleg utdanning, fortrinnsvis på master- eller doktorgradsnivå
- Har leiarerfaring, gjerne frå spesialisthelsetenesta eller andre helseorganisasjonar
- Har systemforståing og evne til å halde eit overordna regionalt fokus, samstundes som du har kjennskap til nettverk elles i landet
- Har kompetanse på samhandling og prosjektleiing, samt kunnskap om brukarperspektivet
- Har erfaring frå både spesialist- og primærhelsetenesta, med særleg kjennskap til habilitering og rehabilitering
- Er strategisk, har gjennomføringsevne og er utviklingsorientert med gode samarbeidsevner
- Har interesse og driv for digitalisering innan habilitering/rehabilitering
- Er opptatt av å utforske moglegheitsrommet for utvikling og samarbeid
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å sjå heilskapen og identifisere langsiktige mål for habilitering og rehabilitering.
- Du har evne til å kommunisere klart og tydeleg, både munnleg og skriftleg, med ulike målgrupper. Dette inkluderer å engasjere og inspirere tilsette, samarbeidspartnarar og brukarar
- Du er ein dyktig brubyggar som kan etablere og vedlikehalde samarbeid med ulike aktørar som helseføretak, kommunar, brukarar og andre regionale og nasjonale partar
- Du er ein handlekraftig leiar som oppnår resultat i krevande og komplekse prosessar
- Du er ein person som aktivt leitar etter nye løysingar og metodar, særleg innan digitalisering og framtidsretta tilnærmingar til habilitering og rehabilitering
- Du har evne til å navigere i eit komplekst landskap med ulike aktørar og krav, samtidig som ein handterer endringar og tilpassar organisasjonen etter behov
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande leiarstilling med stor moglegheit for påverknad
- Gode faglege utviklingsmoglegheiter i eit kompetent og engasjert miljø
- Gode pensjonsordningar
Arbeidsstad: Pt. Nesttun, men planlagd samlokalisering med resten av ReHabiliteringklinikken på Nordås i 2028/29
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Østre Nesttunvegen 2, 5221 Nesttun
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
leder, leiar, Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, Rehabiliteringsklinikken
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383178145
- Sist endret