Driftsteknikar
Forsvarsbygg
- Frist 16.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vera driftsteknikar på ein spennande arbeidsplass?
Forsvarsbygg er Noreg sin største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over heile landet, og vi har som oppgåve å forvalte, bevare og utvikle forsvarsverka, og føre desse inn i ei ny tid og utvikle dei til attraktive arenaer for kultur, opplevingar og gjere dei tilgjengelig for alle.
Til utfordrande og varierte oppgåver i Forsvarsbygg søker vi etter ein ny dyktig driftsteknikar for å drifte tekniske anlegg og installasjonar i Andenes. Vi tilbyr spennande moglegheiter for deg som er serviceinnstilt og arbeidsam.
Stillinga inneber varierte drifts- og vedlikehaldsoppgåver i vår bygningmasse, og som driftsteknikar er du kontaktledd ovanfor leigetakar sine brukarar av eigedomane. Du skal sørge for at brukarane sine behov for tilfredsstillande løysingar innan eigedom, bygg og anlegg blir tatt vare på.
Stillinga rapporterer til områdeleiar.
Denne stillinga vil ha særleg fokus på drift av bygg
Les mer om Forsvarsbygg på https://www.forsvarsbygg.no/
Arbeidsoppgaver
- Utføre oppgåver innan tilsyn, service, internkontroll, drift og vedlikehald av bygningar, anlegg og tekniske installasjonar
- Følge opp og utføre driftstiltak i arenaen sin eigedom-, bygg-, og anleggsportefølje i samsvar med driftsplan
- Følge opp eksterne leverandørar og leveransar i våre bygg
- Delta ved montering/testing/idriftsetting av nye tekniske anlegg i eksisterande og nye bygningskomponentar
- Bidra med råd og innspel til produksjons- og vedlikehaldsplanar
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Etter avtale delta i heimevaktordning
- Andre oppgåver kan bli pålagd etter anvisning frå leiar
Kvalifikasjonar
- Du må ha relevant fagbrev, lang relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Du har grunnleggande ferdigheiter og interesse for bruk av dataverktøy
- Du må beherske norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
- Du har førarkort klasse B
- Du må kunne tryggingsklarerast for nivå Hemmeleg/NATO Secret
Ønskeleg
- Ønskeleg med erfaring erfaring innan maskinteknisk
- Ønskeleg med erfaring innan ventilasjon
- Ønskeleg med erfaring innan kjøling
- Det er ønskeleg med erfaring frå drift og vedlikehald av EBA, og erfaring med bruk av SD anlegg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, er kundeorientert og serviceinnstilt. Du må være ansvarsbevisst og pliktoppfyllande og du har god orden gjennom å jobbe strukturert og ryddig.Vi tilbyr
I Forsvarsbygg vil du få ein spennande og variert arbeidskvardag med eit meiningsfullt samfunnsoppdrag der du vil bidra til å bygge forsvarsevne kvar dag. Vi satsar på medarbeidarane våre, vi tilbyr kursing, etter- og vidareutdanning og vi har etablert vår eigen prosjektleiarutdanning. Vi har ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar. Du vil også få tilgang til treningsrom og bedriftsidrettslag med varierte aktivitetar. Som tilsett hos oss får du medlemskap i Statens pensjonskasse som har ein av dei beste pensjonsordningane i landet med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Andre opplysninger
- Stillinga blir lønna som driftsteknikar (kode 1136) frå kr.565 900,- til kr. 624 500,- (lønnstrinn 58-64). Endeleg lønnsplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål og karakterutskrift i søknaden din
- Vi oppfordrar kvinner til å søke
- Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter søknadsfristen har gått ut. Dersom du ber om å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste må du grunngi dette. Du blir varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge
Om arbeidsgiveren
Helt siden festningenes tid har operative og funksjonsdyktige bygg og anlegg vært avgjørende for Norges forsvarsevne. Det er Forsvarsbyggs ansvar å bygge denne forsvarsevnen, vi utvikler, bygger, drifter og avhender bygg, anlegg og eiendom for forsvarssektoren. Forsvarsbygg er en beredskapsetat, og vi skal levere på vår oppdrag for Forsvaret i fred, krise og krig. Vi er Norges største offentlige eiendomsaktør, en attraktiv arbeidsgiver med ledende fagkompetanse innen bygg og eiendom og en rekke tilknyttede fagområder.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygg og anlegg over hele landet, og har til enhver tid ansvaret for cirka 300 aktive investeringsprosjekter. Eiendomsporteføljen vi forvalter inneholder mange av de mest særegne og krevende bygg i landet, fra de 15 festningene som er tilgjengelige for allmenheten, til militærleirer, skyte- og øvingsfelt og flystasjoner for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovedkontor i Oslo med lokasjoner over hele landet.
Forsvarsbygg er en etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi mener at inkludering og mangfold er en styrke. Vi ønsker medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiver for å bidra til enda bedre oppgaveløsning. Vi vil tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel være tekniske hjelpemidler, tilpasning av møbler eller endring av rutiner og arbeidsoppgaver.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 8480 Andenes
- Bransje: Bygg og anlegg, Eiendom, Forsvar og militær
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Drift, Driftstekniker, Vedlikehold, Internkontroll, Vaktmester
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383197454
- Sist endret