Er du automatiker og klar for nye utfordringar?
Lerum AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Automatiker
Lerum AS har eit fabrikkanlegg på 28 000 m2 med 3 produksjonområde; saft, syltetøy og jus. Vår vedlikehaldsavdeling er no på leit etter automatiker, kanskje du er den rette? Vi har ledig 1 faste fulltidsstilling ved vårt anlegg på Kaupanger. Vi søkjer etter dyktige, initiativrike, lærevillige og sjølvstendige personar. Du vil her bli del av eit spennande og moderne miljø, med utfordrande og lærerike oppgåver.
Arbeidsoppgåver:
- Utføre feilsøkjing, service, installasjonar og reparasjon av anlegg, maskiner og utstyr
- Bidra til å forbetre og optimalisere vedlikehaldsoppgåver
- Arbeide tett på produksjonsavdelingane for å sikre kvalitet og driftstid
- Delta aktivt i fabrikkens forbedringsarbeid
- Delta i prosjektgjennomføring
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som automatiker eller tilsvarande
- Praksis/ erfaring frå industri/produksjonsverksemd er ønskjeleg
- God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
- Kjennskap til HMS og korleis ulike arbeidsoppgåver utførast på ein trygg og sikker måte
Personlege eigenskapar:
- Evna til å jobbe strukturert, både sjølvstendig og i team
- Serviceorientert
- Ansvars- og kvalitetsbevisst
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
Lerum tilbyr:
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt arbeidsmiljø, med engasjerte og dyktige kollegaer
- Spennande og varierte oppgåver i ein moderne fabrikk
Våre verdiar er ekte, stolt, ærleg og engasjert. Send inn din søknad om du har desse verdiane, og ønskjer å bidra i eit spennande miljø.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Kloppavegen 13, 6854 Kaupanger
- Bransje: Industri og produksjon, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Fabrikk (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383202101
- Sist endret