Rådgjevar
Helse Bergen
- Frist 11.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar
Haukeland universitetssjukehus nyttar ulike IKT-løysingar i samband med behandling og oppfølging av pasientar. Desse systema må gi god støtte til helsepersonell, både kvar for seg og samla i systemporteføljen. Vi har no ei ledig stilling i teamet som jobbar med kliniske system, og ser spesielt etter deg som har inngåande kjennskap til poliklinikk og bruk av løysingar som IMATIS og DIPS.
E-helse er ein avdeling i FoU-avdelinga, og har som hovudoppgåve å legge til rette for føremålstenleg bruk av IKT i Helse Bergen og bidrar med å sjå heilskap i system og prosessar for å realisere nytte av ny teknologi som blir tatt i bruk. Våre medarbeidarar har fokus på kvalitetsforbetringar, tryggleik og effektivitet i helsevesenet ved bruk av informasjonsteknologi. Avdelinga jobbar tett med klinikarar i sjukehuset og IKT-personell som utarbeider IKT-løysingar.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar:
- jobbar du i grenseflata mellom helsefag og IKT
- bistår du dei kliniske avdelingane med IKT-løysingar som støttar opp om deira behov
- bidrar du til at løysingane blir tatt i bruk/brukt på ein hensiktsmessig måte i dei kliniske einingane
- inngår du i eit team innanfor Kliniske løysingar
- leier eller deltar du i ulike prosjekt både lokalt og regionalt
Kvalifikasjonar
- Erfaren brukar av IMATIS og DIPS på poliklinikk, gjerne på suparbrukarnivå
- Fersk klinisk erfaring frå poliklinkk
- God kjennskap til bruk av kliniske IKT system i sjukehuset
- God kjennskap til arbeidsflyt og -prosessar i sjukehus
- Strukturert, evner å utarbeide planar og pådrivar for framdrift
- Helsefagleg utdanning, minimum på bachelornivå
- Kompetanse innan, og interesse for, e-helse er sentralt
- Erfaring frå leiing prosjekt- eller forbetringsarbeid er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du tar initiativ og er nysgjerrig på å forstå problem og finne løysingar saman med brukarane av systema
- Du brenn for å finne løysing på komplekse problemstillingar både åleine og i samarbeid med andre
- Du er sjølvgåande, nøyaktig og påliteleg
- Du likar å jobbe tverrfagleg og ser verdien av andre sin kompetanse og erfaring
- Du er ein aktiv bidragsytar til eit godt miljø
- Du er fleksibel ved endring av oppgåver og fokus
- Du kommuniserer godt både skriftleg og munnleg på norsk
Vi tilbyr
- Spennande arbeid i grenseflata mellom helsefag og bruk av IKT
- Interessante utfordringar og moglegheiter knytta til både eksisterande og framtidige IKT-løysingar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllendalsbakken 7, 5009 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
digitalisering, ehelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383208192
- Sist endret