Leiar for Økonomistyring ved Haukeland universitetssjukehus
Helse Bergen
- Frist 15.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Leiar for Økonomistyring ved Haukeland universitetssjukehus/Økonomisjef
Ønskjer du å leie arbeidet innan økonomistyring ved Haukeland universitetssjukehus?
Seksjon for økonomistyring skal arbeide for best mogleg ressursutnytting innanfor dei økonomiske rammene som er tilgjengeleg for føretaket. Dette inneber planlegging og budsjettering, løpande oppfølging og rapportering, analysar og utgreiingsarbeid. Det er om lag 25 controllarar og rådgjevarar ved seksjonen.
Vi er del av Økonomi- og finansavdelinga med om lag 80 tilsette, og er ei av føretaket sine stabsavdelingar. Økonomi- og finansavdelinga består av fagsenter for administrative system, lønns- og rekneskapsseksjon og seksjon for økonomistyring.
Vi søkjer no ein dyktig leiar som har eit stort engasjement for helse og økonomi
Vi søkjer deg som har solid økonomikompetanse og ønskjer å vere ein god samarbeidspartnar for avdelingar og klinikkar på sjukehuset
Som leiar for økonomistyring rapporterer du til økonomi- og finansdirektør og du blir del av avdelinga si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Leie økonomistyringa i føretaket
- Leie seksjon for økonomistyring
- Vere fagleg rådgjevar for økonomi- og finansdirektør
- Samarbeide tett med andre einingar vedrørande utvikling av god økonomistyring, prosedyrar og analysar
- Prosjektarbeid
- Tett dialog med leiarane på sjukehuset for å ivareta god oppfølging mellom controllarane og leiinga
- Deltaking i regionalt arbeid retta mot fagområdet
- Saman med leiargruppa bidra til fortsatt vidareutvikling av heile avdelinga
Kvalifikasjonar
- Høgare økonomisk utdanning frå universitet og høgskule
- Leiarerfaring frå fagområdet er ønskjeleg
- Erfaring med økonomistyring og analysearbeid frå større, komplekse verksemder
- Erfaring med endringsleiing
- Fordel med erfaring frå program- og prosjektleiing
- God systemkompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er bevisst di rolle som leiar både fagleg og relasjonelt
- Du er opptatt av videreutvikling og effektive løysingar
- Du arbeider strukturert og målretta, med god gjennomføringsevne
- Fagleg trygg og trivst med å formidle erfaring og kunnskap vidare
- Trivst i samarbeid med andre, med eit overordna perspektiv til det beste for føretaket
- Evne til å leie, motivere og inspirere medarbeidarane til å utvikle sine evner og kompetanse
- Du kommuniserer godt med ulike personar og faggrupper
Vi tilbyr
- Hyggelege kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø
- Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit levande kompetansemiljø
- Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
leder, leiar, Økonomistyring, Haukeland universitetssjukehus, Økonomisjef
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383211825
- Sist endret