Bustadutviklar
RoaldHus AS
- Frist 1.2.2025
- Ansettelsesform Fast
RoaldHus AS søkjer ein prestasjonsorientert bustadseljar og eigedomsutviklar
Er du ein resultatdreven og engasjert person med erfaring innan sal og kanskje også interesse for eigedomsutvikling? Då er dette kanskje jobben for deg!
Vi søkjer ein engasjert og dyktig bustadseljar og eigedomsutviklar som ønskjer å bidra til vidare utvikling i eit spennande og utfordrande marked. I denne rolla vil du mellom anna ha ansvaret for sal av bustader og identifisering av eigna tomter til nye byggeprosjekt.
Som bustadseljar og eigedomsutviklar hos RoaldHus, får du ansvar for utvikling av både større og mindre eigedomsprosjekt. Stillinga omfattar også sal av ferdighus på kundane sine eigne tomter. Du får ein variert og aktiv kvardag der kundemøter og befaringar er like viktige som arbeidsoppgåvene på kontoret.
Denne stillinga passar for deg som er utadvendt, sosial og strukturert, med ein påliteleg og målretta arbeidsstil. Du er sjølvstendig, arbeidsom og flink til å byggje relasjonar, både med kundar og samarbeidspartnarar. Relevant erfaring frå byggjebransjen, eigedomsmekling eller sal i eigedomsmarknaden er ein fordel.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
- Aktivt sal av bustader, inkludert prosjekt på eigne tomter og bustader på tomter som tilhøyrer kundar
- Administrere salgsprosessen frå første kontakt til signert kontrakt
- Bygge og vedlikehalde relasjonar med potensielle og eksisterande kundar
- Bidra til marknadsføring og promotering av prosjekt, både online og gjennom lokale kanalar
- Hjelpe til med kalkulasjon og estimater på prosjekta
- Ha kjennskap til reguleringsplanar og bidra i prosessen med å handtere byggesøknader og løyve når det er nødvendig
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Erfaring med løysingsorientert sal, gjerne innan eigedom eller liknande bransjar
- Gode lytteevner og dyktig til å byggje tillit hos kundar
- Tømrarerfaring er ein fordel
- Kjennskap til byggjesak, byggeprosesser og relevante tekniske forskrifter er eit pluss
- Førarkort klasse B
Manglande kompetanse kan kompenserast med evne til raskt å tileigne seg ny kunnskap, samt interesse for bransjen
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Konkurransedyktige vilkår, med fastlønn og provisjonsordning
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Dersom dette verkar interessant for deg, vil vi gjerne høyre frå deg! Send oss ein søknad der du fortel om motivasjonen din for å søke hos oss, saman med CV. Søknadene vert behandla fortløpande.
Om arbeidsgiveren
RoaldHus (Hellvik Hus Roald) har vore eit begrep innan husbygging på Sunnmøre heilt sidan 1975. Hussystemet vart utvikla og produsert av Sverre Roald AS. Vi har gjennom alle desse åra lukkast i å få hundrevis av nøgde huskundar som er gode ambassadørar for vårt firma. I 2002 la vi dette hussystemet til side, då vi fann tida moden til å knyte oss til ei større huskjede som la vekt på dei same verdiane som har vore grunnsteinen for den suksessen RoaldHus har vore. Etter grundige vurderingar fall valet på Hellvik Hus.
Som husleverandør set vi kvalitet i høgsetet og at husa vert bygd for å tilfredsstille dei ønskjer og behov våre kundar har. Vi bygg husa på lange tradisjonar og leverer frittliggande einebustader og hytter av høg kvalitet. I nært og godt samarbeid med vår søsterbedrift XL BYGG Roald, Sverre Roald AS.
Sunnmørsk byggeskikk har lang tradisjon i å framskaffe bustadhus med fornuftig planløysing og god utforming. Saman med vår samarbeidspartner, Hellvik Hus, held vårt firma på denne tradisjonen, og tilbyr deg eit moderne kvalitetsprodukt som du vil ha glede av i mange, mange år framover.
Velkommen til Roaldhus – Hellvik Hus Roald!
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Nørestranda 42, 6040 Vigra
- Bransje: Bygg og anlegg, Eiendom, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Prosjektledelse, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Salg, Bygg, Boligselger, Eiendom, Tomteutvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383220613
- Sist endret