Husøkonom
Helse Fonna HF
- Frist 18.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Bli husøkonom ved Stord sjukehus
Vil du vere ein viktig del av pasientomsorga ved Stord Sjukehus?
Avdeling for Husøkonomi ved Stord Sjukehus har som visjon å optimalisera og tilpassa tenestene sine slik at klinikkane får dei beste føresetnadene for å utøve god pasientomsorg. No søkjer vi deg som er ein engasjert og ansvarsbevisst leiar til stillinga som husøkonom/funksjonsleiar.
Som husøkonom vil du ha ansvaret for:
- Budsjett og personalleiing
- Å leia og organisera all aktivitet i avdelinga
- Sikre leveransar innan reinhald, sengesentral, tekstilforsyning og lager
- Oppfølging av brukarar, leverandørar og samarbeidspartnarar
Kvifor velje Stord Sjukehus?
Sunnhordland er regionen mellom Bergen og Haugesund, langs den vakre vestlandske kystlina. Her er det kort veg mellom heim, arbeid, naturopplevingar og byliv. Landskapet byr på fjell, fjordar, skogar og isbrear – perfekt for deg som elskar natur og aktivitet. Etter ein topptur kan du likevel rekke heim til shopping eller konsert!
Regionen har eit sterkt næringsliv, med store verksemder innan maritim industri og havbruk. Stord byr også på eit yrande kulturliv og høgskule med utdanning innan sjukepleie og pedagogikk.
Stord har eiga lufthamn med avgangar til Oslo og kort avstand til Bergen, Stavanger og Haugesund – så du bur nært resten av verda!
Vil du vite meir om stillinga? Ta kontakt med oss. Søk i dag, og bli ein del av teamet som gjer ein forskjell!
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing med personal og økonomiansvar for avdelinga.
- Oppfølging av tekstilleveransar fra rammepartnar.
- Administrere innkjøp med hjelp av interne system
- Leie reinhald etter gjeldande kvalitetskrav.
- Administrere garderobar.
- Delta i anskaffelsar av inventar.
- Oppfølging av inngåtte innkjøpsavtalar.
- Logistikk innkjøp, mottak og lagerstyring.
- Kjøp av tenester.
- Avrop mot rammepartner.
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med fagbrev som reinhaldar med tilleggsutdanning og dokumentert erfaring innan leiing
- Er du fagarbeiar med interesse for viareutdanning innan relevant fag, kan du bli vurdert
- Fordelaktig med sjukehuserfaring
- Manglande formell utdanning kan kompenserast med lang erfaring fra lik eller liknande stilling
- Krav til gode skriftlege og munnelege norskkunnskaper
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har fokus på godt samarbeid.
- er måleretta og kreativ.
- er god på planlegging og leiing.
- har eit stort hjarte for godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
renhold, husøkonom, funksjonsleder, sykehus, drift
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383401316
- Sist endret