Apotekteknikar
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 01.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Apotekteknikar
På sjukehusapoteket i Førde er vi ei fin blanding av apotekteknikarar, assistentar, farmasøytar og éin sjukepleiar. Hos oss får du rundt 30 trivelege og dyktige kollegaer, fordelt på fire ulike avdelingar.
I produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar, i sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Førde får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept. I avdeling for farmasøytisk rådgjeving hjelper vi legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell med trygg og riktig bruk av legemiddel.
Vi har også eit spennande arbeid med å etablere farmasitun på Førde sentralsjukehus. Dette er eit slags avansert medisinrom som ligg plassert tett opp til pasientbehandlinga på sengepostane. I farmasitunet skal medarbeidarar hovudsakleg frå sjukehusapoteket vårt gjere legemiddeloppgåver tidlegare utført av sjukepleiarar.
Frå før av er det ti apotekteknikarar og fem assistentar her på apoteket, no ser vi etter deg som vil styrke gjengen vår ytterlegare. Som apotekteknikar bidrar du kvar arbeidsdag til at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett måte. Dei fire avdelingane samarbeider tett og du får sjansen til og må forvente å arbeide i fleire av dei.
Vi forventar ikkje at du har erfaring med alle oppgåvene frå før, men at du har lyst og interesse for å lære. Elles ser vi etter deg som ønskjer å bidra til levere gode tenester til sjukehus og pasientar, som likar å ta på seg nye oppgåver, som set pris på å samarbeide med andre og har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Førde ligg vakkert til ved utløpet av Jølstra-elva, omkransa av flotte fjordar og fjell. Med sine om lag 10 500 innbyggjarar og eit blomstrande lokalsamfunn, er Førde ein stad som har samla mange tilflyttarar. Byen og Sunnfjord kommune satsar stort på kultur- og fritidstilbod, med ei rekkje arrangement gjennom året og eit breitt spekter av aktivitetar og tilbod for både barn og vaksne. Uavhengig om du er glad i friluftsliv, idrett eller kultur, vil du finne noko som passar for deg.
For deg som vurderer å flytte til Førde for å jobbe hos oss på sjukehusapoteket, kan vi òg hjelpe deg med å finne bustad dersom det er behov.
Grunna nye tenester i farmasitun har vi no ledig ei fast stilling og to vikariat, oppstart snarast.
Eit vikariat varar ut august og eit ut desember 2025. Det kan vera aktuelt med redusert stilling om det er ynskjeleg,
Vi ser fram til å høyre frå deg – og ta gjerne kontakt om du lurer på noko.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling du jobbar i, her er nokre eksempel:
- produsere legemiddel til bruk på sjukehuset
- reinhald av produksjonsrom og utstyr
- kundehandsaming sjukehusekspedisjon
- resept- og ordrebehandling i publikumsavdelinga
- rådgjeving og sal av medisinar til pasientar og kundar
- handtere bestilling og levering av legemiddel til sjukehuset
- delta i beredskapsvaktordning kan bli aktuelt
- andre oppgåver kan tilfalle ved behov
Kvalifikasjonar
- du har autorisasjon som apotekteknikar
- du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- du ynskjer å bidra til gode tenester for sjukehusa
- du trivs godt i lag med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- du er fleksibel, nøyaktig og er oppteken av kvalitet i arbeidet
- du kan jobbe sjølvstendig og tek ansvar
- du trivst med nye arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag
- det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom varierte arbeidsoppgåver og kompetansebygging
- eit arbeidsmiljø der vi ønskjer god takhøgd og rom for latter og humor
- lønn i samsvar med gjeldande avtalar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Farmasi og legemiddel, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Apotektekniker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sjukehus, apotek, reseptur, produksjon, logistikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383454386
- Sist endret