Assisterande seksjonsleiar
Helse Bergen
- Frist 31.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Assisterande seksjonsleiar ved Postoperativ seksjon
Vi søker ein engasjert assisterande leiarkollega til ei spennande stilling ved Postoperativ seksjon, i Intensiv- og postoperativ avdeling (IPA). Som assisterande seksjonsleiar blir du ein del av leiargruppa i Intensiv- og postoperativ avdeling og rapporterer til seksjonsleiar på Postoperativ. Les meir om IPA her.
Vi er ein stor og dynamisk seksjon og ønsker å utvide med ytterlegare ein assisterande seksjonsleiar. Det kan vere aktuelt å dele stillinga med klinisk arbeid. Den assisterande leiarstillinga er ei spennande stilling i ein stor seksjon som overvakar pasientar etter kirurgi, traumer etter ulykker og anna behov for overvaking. Nokre av pasientane ligg i fleire døgn, ligg på resiprator og blir rekna som intensivpasientar. Seksjonen har 33 sengeplassar og ligg i fyrste etasje i Sentralblokka, tett knytta til Sentraloperasjonen. Seksjonen har om lag 80 tilsette, som i hovudsak er sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar. Les meir om Postoperativ seksjon her.
Er du ein engasjert, fleksibel og løysingsorientert person som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø og tilstrebe den beste pasientbehandlinga? Då er dette stillinga for deg!
Arbeidsoppgåver
- Følge opp den daglege drifta ved seksjonen i samarbeid med seksjonsleiar
- Bistå seksjonsleiar i administrativ og fagleg leiing av seksjonen
- Arbeid med turnusplanar
- Pasientarbeid
- Samarbeid på tvers av seksjonane i avdelinga
- Assisterande seksjonsleiar deltar i seksjonens leiarteam og rapporterer til seksjonsleiar
- Stedfortreder for seksjonsleiar ved behov
Kvalifikasjonar
- Vidareutdanning innan sjukepleie er ønskeleg
- Kunnskap om og erfaring frå intensiv- og postoperativ behandling er ønskeleg
- Det er ein fordel med leiarutdanning eller leiarerfaring
- Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper, avdelingar og nivå i helsetenesta
- God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Trivast med å arbeide i tverrfagleg team
- Er sjølvstendig og trygg i arbeidet.
- Skapar tillit og gode relasjonar med andre
- Tar ansvar og trivast i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
- Er handlekraftig, lojal, samarbeidsvillig og inkluderande
- Er resultatorientert og bidrar til det beste for seksjonen
- Arbeider strukturert og er fleksibel i forhold til oppgåver
- Har ein god kommunikasjon med tilsette og samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og resultatorientert arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Et inkluderande og samarbeidande arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar og pensjonsordning gjennom Helse Bergen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Intensiv, Ledelse, Operasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
assisterende seksjonsleder, assisterande seksjonsleiar, KSK, Postoperativ
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383554768
- Sist endret